NTNU, Institutt for fysikk

Fag TFY4300

ENERGI- OG MILJØFYSIKK

ENERGY AND ENVIRONMENTAL PHYSICS

Fire forelesningar om

HAVBØLGJE-ENERGI

Four lectures on

OCEAN-WAVE ENERGY

TILHØYRANDE LESESTOFF:

Forutan ein del meir oppdaterte opplysningar, svarar emna i desse forelesningane i hovudsak til kapittel 11 i boka John Twidell & Tony Weir: "Renewable Energy Resources" (2015). Til dette kapitlet finst her ein del rettingar og kommentarar.

Dessutan er det tilgjengeleg PDF-kopi av dei fleste
PowerPoint-bileta (2016) som er brukte i forelesningane. [Mellom desse PowerPoint-bileta er inkludert kopi frå alle handskrivne lysark som er brukte i nokre tidlegare forelesningar om bølgjer på vatn og 7 (av 15) andre handskrivne lysark som gjeld primært opptak av bølgjeenergi med hjelp av eit enkelt svingesystem.]

CORRESPONDING READING:

The selected matter for these lectures corresponds essentially to chapter 11 of the book by John Twidell & Tony Weir: "Renewable Energy Resources" (2015). Concerning this chapter, here are some corrections and comments.

Moreover, PDF copies are available for most of the
PowerPoint slides (2016) used in the lectures. [Some of these slides contain matter copied from hand-written overhead transparencies used in some previous lectures on waves on water, as well as 7 (of 15) additional transparencies concerning primary conversion of wave energy by means of a simple oscillating system.]

TERMINOLOGI:

Det er fare for at den norske fagterminologien blir forsømt, etter di undervisninga er på engelsk. For å bøta på dette, høver det her å visa til norsk terminologi for bølgjeenergi, nemleg til ei lita bølgjekraftordbok. Denne inneheld om lag 60 fagtermar på norsk og engelsk, med forklaring eller definisjon på norsk. Dei viktigaste termane, som har relevans for forelesningane, er: bølgjeenergitransport eller [med eit nyare termframlegg:] bølgjekraftnivå, dønning, bølgjelengd, bølgjehøgd, signifikant bølgjehøgd, bølgjeenergispektrum, hiv, stamping, tilleggsmasse, strålingsresistans, eksitasjonskraft, fasestyring, punktabsorbator, terminator, attenuator, svingande vass-søyle og kilerenne. Med forklaring er dei oppførte i ordboka under nummerering (i same rekkjefølgje:) A2, A5, A6, A8, A9, A12, B1, B5, B7, B9, B11, C7, C12, C15, C16, C20 og C27.

TERMINOLOGY:

Because the lectures are given in English, the Norwegian professional terminology may be suffering. As a kind of compensation, attention is drawn to a small wave-power glossary. It contains approx. 60 terms in Norwegian and English with definition/explanation in Norwegian. The more important terms, of relevance for the lectures, are: wave-energy transport or [with a more recent proposal:] wave-power level, swell, wavelength, wave height, significant wave height, wave-energy spectrum, heave, pitch, added mass, radiation resistance, excitation force, phase control, point absorber, terminator, attenuator, oscillating water column and tapered channel. These are entered with explanation in the glossary under numbering (in the same order:) A2, A5, A6, A8, A9, A12, B1, B5, B7, B9, B11, C7, C12, C15, C16, C20 and C27.

ØVING:

I tilknyting til forelesningane er her ei rekneoppgåve .

EXERCISE:

Here is a calculation exercise related to the lectures.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Ei liste over bøker om bølgjeenergi:

A list of books on wave energy:

http://folk.ntnu.no/falnes/w_e/books_wave_energy.htm

Om tidlegare forskings- og utviklingsarbeid ved NTH / NTNU sine fysikkinstitutt når det gjeld utnytting av havbølgjeenergi:

On previous research and development at the physics departments of NTH / NTNU in Trondheim concerning utilisation of ocean wave energy:

http://folk.ntnu.no/falnes/w_e/index.html

=============================================================================
HTML-fil oppretta 2005-10-10. Lenkje til PowerPoint-bilete oppdatert til
2012/2013/2014/2015/2016-versjon 2012-09-24/2013-10-17/2014-10-18/2015-09-23/2016-09-20.
HTML file created 2005-10-10. Link to PowerPoint slides updated to 2012/ 2013/ 2014/ 2015/2016 version 2012-09-24/2013-10-17/2014-10-18/2015-09-23/2016-09-20.