Heilt konkret tyder dette at eg vil følgje med på denne debatten, samt det
som blir skreve og referert på desse sidene i KK, og ut frå dette gjera meg
opp eit standpunkt. Argumenterer du godt for ditt syn Lars skal du ikkje
sjå bort frå at vi kan verta samde i dette spørsmålet.
Heilt til slutt må eg berre få lov til å sei at eg ikkje synest dette er
det mest brennaktuelle temaet for meg no (legg då merke til at eg her
snakkar om MINE prioriteringar, ikkje ka andre skal prioritera), i ein
situasjon der avisas eksistens står på spel - derfor Lars, får du halda meg
unnskyld for at eg først og fremst, no i ei tid frametter, vil prioritere
andre spørsmål. Til dømes å verva fleire abonnentar til avisa, skaffe avisa
stoff/skribentar, få opp laussalet og debatten om avisas formålsparagraf.
MHH Olve Steinset
At 11:40 18.10.97 +0200, you wrote:
>"Kva meiner folka bak Michelet-oppropet om sportssider?" Dette spørsmålet
>stilte eg her på forumet 17.10. Så langt har eg berre sett svar frå Pål
>Steigan (som er skeptisk) og Olve Steinset (som pratar seg rundt
>spørsmålet). I tillegg har andre (som vel ikkje var med på oppropet)
>uttrykt skepsis.
>
>La meg presisere: Poenget er ikkje om KK-lesarane kvar for seg er
>interesserte i sport eller ikkje, men om dette er eit tema som KK skal
>bruke ressursar på å dekkje. Eg kan ikkje sjå at det er spesielt
>"radikalt", enn sei "revolusjonært", å ha reportasjar om fotball og
>langrenn på elitenivået. Er sportssider i så måte betre enn dei utskjelte
>kultursidene til Røssaak?
>
>Direkte spørsmål til redaktøren: Har du planar f.eks. om å sende eit
>reportasjeteam til Nagano-OL? Kva vil det koste, og kva anna vil det gå
>ut over?
>
>Ei side ved dette, men kanskje ikkje den viktigaste, er at KK likevel
>ikkje vil kunne konkurrere med Dagbladet og VG på dette området. Sporten
>vil neppe skaffe KK særleg mange nye lesarar.
>
>KK bør sjølvsagt halde fram med kommentarar og analysar av sport som
>"sirkus for massane" og om korleis kapitalen tek makta over idretten.
>Reportasjar frå breiddeidrett (som annan folkeleg kultur) bør også ha sin
>plass.
>
>Lars Staurset
>
>