Mitt syn: Dersom idrotts-stoff vert meir av det slaget som me kan lesa i
andre aviser - då er eg klårt imot.
Er det derimot meininga å skriva kritisk om kommersialiseringa både av
masse- og toppidrott, prestasjonspress,
avsløra stormannsgalskapen i IOC og elles m.m., då er det greidt.
For min del hadde eg gjerne sett KK utan sports-sider, men eg har altso
ingenting imot at det får plass solenge
det skjer innanfor råmene av føremålsparagfen (undersøkjande, kritisk o.s.b....)
Denne haldninga trur eg relativt mange har. No er KK i ein vanskeleg
situasjon, og mange let vera å kasta seg inn
i eit ordskifte om idrott i KK. Det skyner eg godt. Mange ynskjer vel å la
den nye redaktøren få ein sjanse.
Ei eventuell korrigering av idrotts-journalistikk på vidotta er dessutan eit
lite problem dersom det syner seg
at redaktøren og redaksjonen i praksis ynskjer å vera i dialog med KK-venene
(og det tykkjer eg det ser ut
til).
Difor skyner eg godt dei som no prioriterer å arbeida for å berga KK over
den akutte kneika framfor å diskutera
idrotts-stoff eller føremålsparagraf.
Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41