Re: Har vi ikkje snart fått nok fotball?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Jun 29 2000 - 15:51:48 MET DST


Supplement:

Debatten etter TV-sendinga i går handlar om ein mykje større skandale
enn den eg tok fram (at fotballen breier seg). Vi har fått FOR LITE
fotball, eller pikante hendingar omkring fotballen. NRK Her og Nå
opplyser at det tapande laget kasta seg over ein linjemann etter
avgjerda, og at TV IKKJE viste nevekampen! Kvar skal dette ende???

Trøyst er i vente: NRK har kjøpt eit opptak (driv ikkje dei og sparer
pengar?) og skal likevel vise slåstinga i kveld. Finn fram godstolen,
fyll opp glaset og sjå fram til ei lærerik sending med fine detaljar og
repetisjonar. Dersom det blir tid, kjem Kveldsnytt ein gong utpå natta.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:58 MET DST