Har vi ikkje snart fått nok fotball?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Jun 29 2000 - 11:22:07 MET DST


Sporten breier seg på TV og i avisene, og fotballen er verst. Også store
delar av dei generelle nyheitssendingane på NRK og TV2 er fylte av
sport, gjerne det same stoffet som kanalen nettopp har hatt timelang
direktesending om.

Under EM-kampen i går kveld vart det ekstraomgangar, og Kveldsnytt vart
utsett, "til fotballsendingen er ferdig". Sjølvsagt er det umåteleg
viktig for det norske folket å få vite straks og med alle detaljar og
kameravinklar kven som avgjer kampen. Likevel, når sigersmålet endeleg
var scora og situasjonen som førte til det, var vist i 10-12
repetisjonar, skulle ein tru at det normale sendeskjemaet vart teke i
bruk att så snart som råd.

Men nei, NRK viste først alle skjortebytta, så den obligatoriske
reklamen, så litt studioprat og til og med to inkjeseiande reportasjar
om dei laga som skal spele neste kamp. Etter det kunne endeleg vanlege
nyheiter sleppe til, før fotballen overtok også det meste av Kveldsnytt.

Har vi ikkje snart fått nok no?

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:57 MET DST