Ei anna verd er mogleg...

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Thu Jun 29 2000 - 15:38:22 MET DST


...er overskrifta på den engelske versjonen av siste informasjonsbrev frå
ATTAC, "Sand in the wheels" som ein finn her: http://www.attac.org/listen.htm

Eg har aldri vore i tvil om dette, men i denne samanhengen gjaldt det
konferansen som gjekk føre seg i Genève nyleg (22-25/6), der 600 delegatar
frå meir enn 200 organisasjonar (ONG/NGO og fagforeiningar) frå 65 land kom
saman for å finne løysingar i kampen mot den liberale globaliseringa som
folk både i Sør og i Nord er utsette for. Liva våre er i ferd med å bli
enkle varer. Det gjeld ikkje berre kroppane våre, men også genane,
kulturen, utdanninga, helsa og maten vår, til og med luft og vatn.
Offensiven er ikkje lenger berre eit resultat av handelspolitikken til dei
multinasjonale selskapa, og den økonomiske og sosiale politikken til deira
politiske allierte og forskjellige regjeringar. Forslaga som kjem frå den
nye internasjonale rørsla mot globalisering og liberalisme, står stikk i
strid med den neoliberale laisser-faire som tyner og held tre fjerdedeler
av menneska i verda i ussel fattigdom.

I dette same perspektivet blir det i morgon ei stor, velorganisert
mønstring i Millau i Sør-Frankrike (litt nord for Montpellier)
http://www.millau-30juin.ras.eu.org/ i samband med rettssaka mot 11
aktivistar frå Confédération Paysanne -
http://www.confederationpaysanne.fr/ deriblant den velkjende leiaren, José
Bové - http://www.wtowatch.org/presscenter.cfm
- http://www.france.indymedia.org/ Dei “demonterte” ein
McDonaldsrestaurant under bygging I fjor sumar for å demonstrere mot dei
amerikanske sanksjonane, etter at EU nekta å imøtekome ”kravet” frå WTO/USA
om å opne for import av amerikansk hormonkjøt. ”Brotsverket” til dei 11
aktivistane blir sjølvsagt freista gjort til ei ”vanleg” sak om vandalisme.
Men det kjem kanskje 30-40 000 andre til Millau i morgon, deriblant
underteikna, så me får sjå...

Klassekampen hadde her om dagen ein artikkel under tittelen "Fra Seattle
til Praha", med det vanlege angelsaksiske og til dels urbane perspektivet.
Eg skreiv til redaksjonen, og vonar at det kjem litt meir nyansert
informasjon om desse spørsmåla.

Den nye rurale motstandsrørsla med utgangspunkt i fleire organisasjonar
knytte til den internasjonale bondeorganisasjonen Via Campesina
http://www.virtualsask.com/via/ kjem til å bli viktigare og viktigare. Den
franske motstandsrørsla rundt Confédération Paysanne og ATTAC er kanskje
leiande i Europa så langt, men det rører seg både her og der. ATTAC har
diverre inga norsk avdeling enda, men har i det minste norske vevsider:
http://www.attac.org/indexno.htm Eg veit ikkje i kor stor grad den norske
”venstresida” er involvert ORGANISATORISK i den nye internasjonale rørsla
som veks fram. Eg leitar, men finn berre personlege initiativ frå
enkeltpersonar, og meir og mindre tamme resolusjonar frå dei forskjellige
partia og rørslene som utgjer den potensielle motstandsrørsla i Noreg.
EU-kampen er eit isolert, reint norsk fenomen, verkar det som, der
internasjonalt samarbeid og koordinering berre er på pratestadiet. Det er
synd, for det kan hende EU-kampen slik hamnar i bakevja, blir tapt, eller
kjem i hendene på ”nasjonale” koryfear med ein heilt annan agenda enn
internasjonal solidaritet og kamp.

I ei tid med neoliberale og teknokratiske ”løysingar” over ein låg sko,
uttrykt og sett i verk av kulturlause og vitlause, men vel ”utdanna”
ungdomar, skulle det vera gode vilkår for ei brei protestrørsle av dette
slaget også i Noreg. Eller tek eg heilt feil? Har landet og folket blitt
heilt målbundne av pengefanatikarane og populistane? Skal dei til dømes
kunna leggje landsbygda øyde og rasere landbruket i fred og ro? Skal dei
kunna melde Noreg inn i EU på same vis? Det kan bli resultatet om det ikkje
skjer noka endring i tenkjemåten på venstresida, og om ein ikkje forstår at
ein må koma seg lenger enn til sektstadiet. Kva skal ein med ei lita
motstandsrørsle som er blind for det som går føre seg på grasrota andre
stader i verda, som ramsar opp klisjeane i pressa om det som går føre seg
på ”topplanet” (Nei til EU sine vevsider), og som held fram med å spela på
dei gamle strengene, den same gamle plata med hakk i ?

Eg har tidlegare blitt framstilt som EU-tilhengjar (i norsk perspektiv) på
dette forumet, sjølv om eg berre har sådd tvil om visse sider ved den
norske EU-motstanden. Eg har ingenting med dette å gjera. Spørsmålet gjeld
langt meir, og det er mellom anna difor eg reiser til Millau i natt.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________________
message envoye depuis http://www.ifrance.com
emails (pop)-sites persos (espace illimite)-agenda-favoris (bookmarks)-forums
Ecoutez ce message par tel ! : 08 92 68 92 15 (france uniquement)



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:57 MET DST