Re: Har vi ikkje snart fått nok fotball?

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Thu Jun 29 2000 - 17:24:13 MET DST


At 15:51 29/06/00 +0200, Lars Staurset wrote:
>Supplement:
>
>Debatten etter TV-sendinga i går handlar om ein mykje større skandale
>enn den eg tok fram (at fotballen breier seg). Vi har fått FOR LITE
>fotball, eller pikante hendingar omkring fotballen. NRK Her og Nå
>opplyser at det tapande laget kasta seg over ein linjemann etter
>avgjerda, og at TV IKKJE viste nevekampen! Kvar skal dette ende???
>
>Trøyst er i vente: NRK har kjøpt eit opptak (driv ikkje dei og sparer
>pengar?) og skal likevel vise slåstinga i kveld. Finn fram godstolen,
>fyll opp glaset og sjå fram til ei lærerik sending med fine detaljar og
>repetisjonar. Dersom det blir tid, kjem Kveldsnytt ein gong utpå natta.

Tja, her om dagen siterte du Steinulf Tungesvik på "neidebatt":

> Me skal gleda oss over fotball-EM (trass i at dei kallar det euro2000)
> og norske framgangar, særleg når me bankar EU-land - men sjølvsagt kan
> nei-folk knapt bli for konspiratoriske.

Det er vel ei lita sak, men kva hjelper det å klage når store deler av
venstresida nyttar tida i tvstolen? No når den norske floppen er over og det
ikkje er råd å banke fleire EU-land, går det kanskje opp for dykk at dette
berre er sirkus for folket. Enda eg bur i landet som kanskje kjem til å
vinne dette "sportslege" skodespelet, har eg enno til gode å ha sett ein
einaste "kamp". Det går faktisk an å slå av, ja, ein kan til og med leva vel
så godt utan fjernsyn. Det går an å filtrere all denne støyen og gjera heilt
andre ting. Men det veit du vel.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________________
message envoye depuis http://www.ifrance.com
emails (pop)-sites persos (espace illimite)-agenda-favoris (bookmarks)-forums
Ecoutez ce message par tel ! : 08 92 68 92 15 (france uniquement)



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:58 MET DST