Vald og porno

haa@ssb.no
Mon, 22 Apr 96 20:01:08 NST

Eg synest "Paal" fraa RU gaar litt vel hardt til verks mot Frode Roynesdal i det
siste innlegget sitt. Eg kan vanskeleg tenkje meg at Frode er for at nokon skal
prostituere seg i det heile, anten dei er 12 eller 20 aar gamle.
Det er ikkje naudsynt aa polarisere debatten slik.

Eg er viss paa at Frode veit at det er dei same som kjempar mot H&M og mot porno
generelt.

Men no skal eg ikkje seie meir om kva eg trur Frode trur...

Eg vert litt matt av denne oppramsinga av elendigheit, og eg lurer paa kven RU
har tenkt aa alliere seg med i kampen mot porno. Eg er likevel svaert samd i at
koblinga mellom valdtekt og sex som vi ser i t.d. Aktuell Rapport er ille, og eg
lurer paa kva dei har i hovudet dei som gjev ut slike blad.

Problema oppstaar vel naar vi skal gjere noko konkret. Medan vi ventar paa
revolusjonen og at alle skal verte gode med kvarandre, har vi stort sett berre
lovverket og haldningane til folk aa hjelpe oss med. Sensur er aldri det beste
aa gripe til, og det er vanskeleg aa formulere i lov slik at ho berre rammar det
ein ikkje vil ha, t.d. valdsforherligande skildringar. Dagens lovverk forbyd som
kjent "kjonnsorgan i aktivitet", eller kva formuleringa kan vere. Unnskyld meg,
men det er absurd. Det er ikkje aktive kjoennsorgan som er problemet.

Kanhende er haldningar det einaste ein kan gjere noko med. Eg trur i alle hoeve
at ein kjem kort paa veg viss ein skal legge seg ut med alle som les Cupido- daa
har ein allereie kvitta seg med sine beste allierte; - dei som synest "Aktuell
Rapport" er for stupid, men som liker ein pupp i ny og ne. Bortanfor desse har
vi dei som gjev blaffen, dei som les "Aktuell Rapport" m.m., og saa har vi
puritanarane. Velbekomme.

Jon