Re: Opprop mot krigen

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Sat, 27 Mar 1999 08:22:51 GMT

Knut Rognes:

>OK. Men det er alt vi har. Synes du det blir bedre hvis USA og
>Storbritannia får lov å gjøre som de vil? Dvs definere alle situasjoner
>som fortjener "humanitær intervensjon"?

Det er ikkje nødvendigvis det som er alternativet. Det finst ingen
monolitisk Vestallianse. USA og Storbritannia er rett nok nære allierte, men
resten av Europa deler ikkje standpunkta deira i alle saker (jfr. dei
aktuelle aksjonane mot Irak). FN kjem framleis til å spela ein rolle som
brubyggjar i den internasjonale maktkampen. Som du seier: Det er alt vi har.

>>... Skulle ein
>>ha unngått alliansen med England/USA/Sovjet (og dei andre allierte landa)
>>under den andre verdskrigen under påskot av at dei ikkje hadde humanitære
>>motiv, ikkje nødvendigvis slost for demokrati og menneskeverd, og heller
>>ikkje nødvendigvis var ute etter å redde Noreg i seg sjølv?
>
>Selvsagt ikke. Men nå er det støtte til NATO bombing eller ikke som er
>diskusjonen. Både av prinsipielle og pragmatiske grunner synes jeg ikke
>aksjonen har noe særlig for seg. Grunnene har jeg allerede gitt.

Men alt dette heng jo saman! Nå eg frå min fjerne synsstad ser og høyrer på
korleis venstresida i Noreg reagerer, byrjar eg å lure på om me er på den
same jorda. Det verkar som om mange trur at krigen i Jugoslavia byrja
for berre nokre dagar sidan. Dette oppropet mot krig kjem i lufta mange år
etter at krigen eigentleg starta... krigen for opprettinga av Storserbia.

Eg kjenner godt dette landet, og har reist på kryss og tvers av det på 70-
og byrjinga av 80-talet. Førebuingane til det som skjer idag starta for
mange år sidan. Det har vore nøye planlagt og er blitt systematisk
gjennomført. Det går ikkje an å hoppe over dette. Det blir meiningslaust å
analysere det som skjer utan å ta fatt i historia.

>Kanksje vi først og fremst skulle aksjonere (dvs vis a vis norske
>myndigheter) i de situasjoner vi selv kan gjøre noe, dvs hvor vi har et
>fnugg av inflytelse, og hvor noen vil bry seg. Da ville prioriteringen
>være: Kurdere (Tyrkia er en nær alliert), Timor (USA er en nær alliert),
>palestinere (Israel nær venn), der vi har minst innflytelse er antakelig i
>Serbia. Da fikk vi se hva Bondevik og Vollebæks humanisme var verdt.

Eg trur ikkje norske styresmakter har så mykje å fara med aleine på den
internasjonale arenaen. Eg er samd med deg i at det finst andre land og folk
som treng innblanding og små peikepinnar. Men nett no er det regimet i
Serbia som er på dagsorden.

Oddmund Garvik