Re: Serbisk terror i Kosova

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Sat, 27 Mar 1999 08:22:55 GMT

Knut Rognes:

>OK. Men jeg syntes du ga uttrykk for støtte til NATO bombingene, og derfor
>mente de kunne nå endel ønskelige mål: hjelpe kosovo-albanere, stanse
>serbisk mordlyst, osv. Bildt og andre sier dette er umulig uten
>bakkestyrker. Og det synes du også å mene. Hvorfor støtter du da
>NATO-aksjonen?

Fordi dette ikkje berre handlar om å "hjelpe kosovo-albanere, stanse
serbisk mordlyst, osv." Den serbiske motivasjonen er nok irrasjonell og
grotesk på mange punkt, men det er ikkje det som er hovudproblemet.
Hovudproblemet er at ein er konfronterte med eit fascistisk regime som i lang
tid og på systematisk vis har bygd opp ei lita verd av overmenneske og
undermenneske, på etnisk grunnlag. Undermenneska har ingen rettar. Dei kan
hundsast, massakrerast og jagast utan blygsel. Eit av dei første trekka til
Milosevic var å oppheve sjølvstyret i Kosovo. Dette var ein materiell
føresetnad for det som seinare skulle koma.

>Det er ikke et synspunkt. Det er fromt ønske. Du brukte et treffende
>uttykk: "pasifistiske godagmannøkseskaftparoler, knapt nok å samanlikna med
>lause skot i lufta". Men det var jo om Marsdals opprop.

Det er kanskje eit fromt ynskje å villa demilitarisere Balkan, men vil ein
unngå krig i Europa, er det ingen veg utanom. Det vil ta lang tid å få til
fredeleg sameksistens mellom dei ulike etniske gruppene i dette området.
Historia er full av blod og liding på alle sider.

Ingen av oss kan sjå inn i framtida, men eg er viss på at dersom ideen om
eit Storserbia ikkje blir ettertrykkeleg skvisa idag, med all den kraft som
må til, vil me måtta leve med provisoriske tilstandar, krigar og
flyktningestraumar i eit strategisk hjørne av Europa, og det i lang tid.
Ingen er tente med det. Klarer ikkje dei allierte å stikke hol på
verkebyllen denne gongen, vil neste krig bli enda verre, og konflikten enda
vanskelegare å løyse. Har ein ikkje dette klårt for seg, er ein idealist. Eg
tykkjer det er mange idealistar på den norske venstresida for tida.

>Jeg synes du du burde skrive under oppropet. Det kan være mangelfullt, men
>kan ikke skade.

Det er heilt uaktuelt å skrive under på eit slikt opprop. Det er ikkje berre
det at det er mangelfult, men det byggjer på heilt feilaktige premissar. Det
byggjer på ideen om at krigen byrja med det bombetokta til Nato. Denne
tenkjinga er både feil og skadeleg.

Oddmund Garvik