Re: Reklame og kupp

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 11 Dec 1997 11:40:19 +0100

Roar Madsen wrote:

> Når ein omtalar kurs- og leidingsendringar
> ein ikkje likar som kupp slik utan vidare utvatnar ein ogso
> kuppomgrepet -
> det er ikkje sikkert det heller er so lurt.
> Eigarar kuppar ikkje sin eigen eigedom - dei forvaltar og styrer.
> Dette er
> sjølvsagt heller ikkje nøytral verksemd, og kan
> alltid kritiserast. Men kvifor ikkje nøya seg med å vera skarpt usamd
> i
> denne forvaltninga og styringa i staden for å veifta
> med kuppomgrepet?

Ordet "kupp" er definert slik i Nynorskordboka
(http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html)
kupp n1 (fr coup , eigl 'slag, støyt') 1 snøgg, dristig handling;
omvelting gjennomført av politikarar el. militære militærk- / statsk- 2
heldig kjøp; stor vinst i spel e l gjere eit k- under salet

Spørsmål:
Var EØS-avtalen eit kupp? Så vidt eg hugsar, har han vore omtala slik
frå AKP-hald (eller var det av KK under den gamle redaksjonen?). Og kva
skal vi kalle den økonomisk-monetære unionen?

Felles for KK, EØS og ØMU er at eigarane/makthavarane ikkje blir skifta
ut, men at dei tvert om styrkar grepet om styringa og skyv andre organ
(bedriftsklubb/folkevalde) til sides. Om vi skal kalle dette "kupp", er
kanskje ikkje så viktig, men eg forstår dei som gjer det.

Lars Staurset