Kupp?

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 11 Dec 1997 13:31:01 +0100

Lars Staurset skriv mellom anna:

"Ordet "kupp" er definert slik i Nynorskordboka
(http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html)
kupp n1 (fr coup , eigl 'slag, støyt') 1 snøgg, dristig handling;
omvelting gjennomført av politikarar el. militære militærk- / statsk- 2
heldig kjøp; stor vinst i spel e l gjere eit k- under salet"

Eg rekna med at Even Gran ikkje nytta omgrepet kupp som skildring av ei
snøgg, dristig handling -
men heller i tydinga "omvelting gjennomført av politikarar el. militære".
Slik eg alltid har
lese dette omgrepet, har politikarar eller militære gjennomført kupp for å
tilrana seg makt som
dei tidlegare ikkje har hatt. Dersom dei formelt sett har hatt makta har eg
sjeldan sett at
gjennomførte kurs- eller styringsendringar har vorte omtala som kupp.
Samanlikninga di mellom KK-saka og EØS tykkjer eg nok haltar noko
ettersom KK-aksjonen frå styret
ikkje handla om å endra dei formelle makttilhøva eller grunnleggjande
politisk line (føremålsparagraf).
Eg forstår sjølvsagt at me nok ikkje vert samde om dette. Om få dagar
handlar det jo om snøen som fall
i fjor...

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41