VS: Kupp?

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 11 Dec 1997 14:38:16 +0100

Nå ja, ein skal vakta seg vel i val av ord - blir ein for nøysam i valet kan det verta at ein ikkje finn det rette ordet då ein mest treng det. Eg kan hugse eit fjernsynsprogram for mange år sidan, som omhandla banneord i norsk litteratur, om eg ikkje hugsar feil var Heraldstveit programleiar og gamle Bondevik ein av deltakarane. Bondevik fekk følgjande spørsmål: "Kva ville du sagt Bondevik dersom du sto høgt oppe i ein stige og skulle slå inn ein spikar, du bomma og trefte tommelen din i staden?" Bondevik grunda litt før han svarte: "Nei, eg ville vel sagt 'huff dette var leit', trur eg". Heraldstveit ser på han og spør: "Du kunne ikkje sagt AU! då Bondevik?"

For å ikkje falle i same felle som den gamle statsmannen har eg no lagt til følgjande i synonymordboka under ordet "Kupp - åtgjerd frå eigarar ovanfor redaktør i avisa Klassekampen."

Da e svarten ikkje verst!

MHH Olve Steinset

>Lars Staurset skriv mellom anna:
>
>"Ordet "kupp" er definert slik i Nynorskordboka
>(http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html)
>kupp n1 (fr coup , eigl 'slag, støyt') 1 snøgg, dristig handling;
>omvelting gjennomført av politikarar el. militære militærk- / statsk- 2
>heldig kjøp; stor vinst i spel e l gjere eit k- under salet"
>
>Eg rekna med at Even Gran ikkje nytta omgrepet kupp som skildring av ei
>snøgg, dristig handling -
>men heller i tydinga "omvelting gjennomført av politikarar el. militære".
>Slik eg alltid har
>lese dette omgrepet, har politikarar eller militære gjennomført kupp for å
>tilrana seg makt som
>dei tidlegare ikkje har hatt. Dersom dei formelt sett har hatt makta har eg
>sjeldan sett at
>gjennomførte kurs- eller styringsendringar har vorte omtala som kupp.
> Samanlikninga di mellom KK-saka og EØS tykkjer eg nok haltar noko
>ettersom KK-aksjonen frå styret
>ikkje handla om å endra dei formelle makttilhøva eller grunnleggjande
>politisk line (føremålsparagraf).
>Eg forstår sjølvsagt at me nok ikkje vert samde om dette. Om få dagar
>handlar det jo om snøen som fall
>i fjor...
>
>
>Med helsing
>Roar Madsen
>Historisk Institutt - NTNU
>7055 DRAGVOLL
>Telefon/phone + 73 59 81 15
>Faks/fax + 73 59 64 41
>