Reklame og kupp

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 11 Dec 1997 10:10:43 +0100

Even Gran har eit hjartesukk om ei Storebrand-lysing i KK, eg kjenner ikkje
trong til å forsvara innhaldet i lysinga -
men derimot AT KK set ho på prent. Det er ikkje noko nytt at KK prentar
lysingar eller legg ved lysingsvedlegg
som går på tvers av den politiske lina eller interessene til redaksjon
og/eller eigarar. Eg minner til dømes om
vedlegg frå FFVD her for ei tid sidan...
Even Gran har trong for å omtala det som har skjedd med avisa KK som eit
kupp. Det må han gjerne gjera. For min
del undrast eg stendig over at ein klår majoritetseigar ikkje skal ha lov
til å setja misnøye med avisa si på spissen
gjennom å skifta leiding - utan at dette vert kalla kupp. Kupp hadde det
vore dersom nokon prøvde å stikka av med
denne avisa og driva ho etter andre retningsliner enn dei eigarane kunne
godta. Det var det heilt andre enn den noverande
redaksjonen som prøvde å gjera.
Eg skal ikkje rippa for mykje opp i gamle sår, men berre slå fast at ein
gjerne må vera skarpt usamd i AT det var naudsynleg
å kasta redaktøren, måten det vart gjort på og valet av Michelet som ny
redaktør. Når ein omtalar kurs- og leidingsendringar
ein ikkje likar som kupp slik utan vidare utvatnar ein ogso kuppomgrepet -
det er ikkje sikkert det heller er so lurt.
Eigarar kuppar ikkje sin eigen eigedom - dei forvaltar og styrer. Dette er
sjølvsagt heller ikkje nøytral verksemd, og kan
alltid kritiserast. Men kvifor ikkje nøya seg med å vera skarpt usamd i
denne forvaltninga og styringa i staden for å veifta
med kuppomgrepet?

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41