SV: Har admiralen snudd?

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 11 Dec 1997 11:12:32 +0100

Takk Lars! Takk!

Du har etter mi meining klart å lesa kva Jon faktisk skreiv i sitt innlegg, i motsetning til ein del andre. Forslaget ditt til korleis denne bolken med "spesialdebattsider" kan verta redigert synest for meg å vera gjennomtenkt og fornuftig, difor støttar eg forslaget ditt til framgangsmåte.

Likevel er eg svært skeptisk til heile prosjektet av grunnar bl.a. du sjølv reiser i ditt innlegg, sitat: "Det vil rimelegvis føre til eit ras av nye debattinnlegg, ikkje minst frå folk utanom forumet. Skal spesialbolken følgjast opp med vanleg avisdebatt, nye spesialbolkar, eller nytt lok?" I røynda dreiar denne bolken med "spesialdebattsider" seg om eigedomstilhøva i Klassekampen - ein kamp om eigarstrukturen, storleiken på AKP sin aksjeportefølje - det er dette striden no dreiar seg om. Difor er det etter mi meining naivt å tru at ein slik debatt i avisa kan "skrinleggja" striden, og at partane skal bli vel forlikte, etter ein slik saltomortale - til det er avstanden og motsetningane for store, det er ikkje ratt liten skilnad på 49 og 20%.

Sjølvsagt meinar eg ikkje at dette er ein uvesentleg debatt, den høyrer berre ikkje heime i avisas debattspalter lenger. Avisa er feil kamparena for denne striden - det er å øydelegge det produktet ein faktisk kjempar om herredøme over. Held ein lenge nok på med denne toskeskapen, i avisas spaltar, fryktar eg at det vert lite å kivast om til slutt. Eg vonar verkeleg at det store fleirtal av avisas lesar er opptekne av heilt andre politiske saker enn denne "interne striden", som etter mi meining etterkvart mest liknar eit narrespel. Eit narrespel fordi det vert mest uråd for oss utanom "det indre gemakket" å få verifisert sanninga i dei ulike påstandane, som no haglar rundt i denne ordduellen.

Difor er eg svært lite glad for dette framlegget til "spesialdebattsider", og voner det vert sett klare grenser for kor lenge denne sirkusforestillinga skal vare og kor lang tid kvar einskild klovn skal få opphalde seg i manesjen.

Vørdsamt
Olve Steinset

>Admiral Michelet har kunngjort at han vil vurdere "at vi lager en bolk
>med spesialdebattsider i avisa der vi legger ut en bunke av de mest
>sentrale innleggene på KK-forum i det siste, inklusive sånne som
>Allerns, Nærstads, Mikkelsens, Eriksens og Randens, for eksempel."
>
>Forslaget ser ut som eit steg i rett retning, men eg er ikkje sikker på
>om det vil verke slik ein del forumistar har oppfatta det.
>
>Bokstaveleg tolka går forslaget ut på å trykke utvalde forum-innlegg
>uendra. Det vil sjå nokså kaotisk ut, ettersom forum-debatten har ein
>heilt annan stil enn avisdebatten (lange sitat, fri ordbruk m.m.). Nokre
>har allereie reservert seg mot å komme på trykk på den måten, og Solveig
>Mikkelsen har eit (forsåvidt konstruktivt) forslag til korleis det heile
>kan organiserast. Men kva så?
>
>Dersom eg har skrive eit forum-innlegg som andre svarar på, og eg får
>høve til å endre på innlegget mitt før det kjem på trykk, står eg vel
>også fritt til å skrive det om i lys av det som har vore skrive seinare.
>Då vil sjølvsagt også svarinnlegga bli heilt annleis, og vi får ein
>heilt annan debatt i avisa enn på forumet. Det er ikkje noko gale i det,
>berre vi er medvetne om det. Faktisk har det fleire gonger vore
>avisdebatt om same tema som på forumet, men med ei litt anna utvikling.
>
>I dette tilfellet er det ikkje snakk om ein naturleg utvikla avisdebatt,
>men om å lage ein "bolk med spesialdebattsider", altså ein debatt som er
>redigert på førehand. For at debattantane skal forhalde seg til
>kvarandre sine innlegg, må innlegga først sirkulere mellom dei. Det kan
>gjerast opent på forumet, med fare for at det glir tilbake til ein
>vanleg forum-debatt, eller innafor ei avgrensa e-post-gruppe der berre
>nokre få får vere med. Problema med dette er ikkje uoverstigelege, men
>vi må iallfall sjå realistisk på dei.
>
>La oss likevel gå ut frå at denne "spesialbolken" blir laga og trykt på
>ein eller annan måte. Det vil rimelegvis føre til eit ras av nye
>debattinnlegg, ikkje minst frå folk utanom forumet. Skal spesialbolken
>følgjast opp med vanleg avisdebatt, nye spesialbolkar, eller nytt lok?
>
>Eg reknar med at "kamerat Mest Marxistisk" og Admiralen har tenkt
>gjennom alt dette. Helst vil eg tru godt om folk, men no er eg i tvil.
>Har Admiralen snudd, eller spreier han skodde? Kan dette vere ei
>krigslist som går ut på å vise godvilje og håpe på at "spesialbolken"
>glir ut i ingenting?
>
>Han kan sjølv gje svaret, for her er eit forslag som eg trur er meir
>gjennomførleg:
>1) KK tilbyr Allern og Nærstad kvart sitt innlegg på vanleg debattplass.
>Dei kan bruke dei tekstane dei alt har skrive, eller lage nye.
>2) Redaktøren skriv eit kort svar der han rettar opp det han meiner er
>direkte feil.
>3) Svarinnlegga som kjem, blir samla opp til ein spesialbolk som blir
>trykt f.eks. to veker seinare. Det må kunngjerast ein frist for
>innsending.
>4) Vidare debatt kan også samlast i spesialbolkar. Dette bør vurderast
>ut frå omfanget og om saka taper interesse etter kvart.
>
>Kan "kamerat Mest Marxistisk" og Admiralen godta dette?
>
>Lars Staurset
>
>P.S. Kva er e-post-adressa til "kamerat Mest Marxistisk"? :-)
>