Re: Debatt form og innhald

Anders Ekeland (anders.ekeland@online.no)
Fri, 24 Oct 1997 13:52:19 +0200 (MET DST)

Olve,
Regner du Stalin som en hersker på linje med Bresjnev eller regner du ham
som en marxist med store feil?

Vh
Anders Ekeland

At 23:56 23/10/97 +0100, you wrote:
>Meddebattantar
>Dette er eit innlegg om debatt form og innhald, eit aldri så lite forsøk på
>å sortere litt - definera kva som er form og kva som er innhald. Sjølvsagt
>skriv eg dette med utgangspunkt i mine eigne opplevingar frå debatten her
>på forumet. For å ikkje vekke for sterke kjensle hjå nokon, skal eg taka
>eit anna utgangspunkt enn denne debatten. Eit utgangspunkt med rike
>historiske kjelder, og rikeleg med "politisk farleg retorikk". Mitt
>utgangspunkt er Einar Gerhardsen sin tale i Kråkerøy den 29. februar 1948,
>der han mellom anna sa, sitat:
>
>"Hendingene i Tsjekkoslovakia har hos de fleste nordmenn ikke bare vakt
>sorg og harme - men også angst og uhyggestemning. Problemet for Norge er,
>så vidt jeg kan se, i første rekke et innenrikspolitisk problem. Det som
>kan true det norske folkets frihet og demokrati - det er den fare som det
>norske kommunistparti til enhver tid representerer. Den viktigste oppgaven
>i kampen for Norges selvstendighet, for demokratiet og rettssikkerhet er å
>redusere kommunistpartiet og kommunistenes innflytelse mest mulig."
>
>Her gjer Gerhardsen det kunststykke det er å velje ei innpakning (form) som
>tilsynelatande er ei solidaritetserklæring til folk i Tsjekkoslovakia mot
>kommunistisk undertrykking, medan innhaldet er eit rått og brutalt angrep
>på politiske motstandarar her heime. Den neste innpakninga er bevaring av
>demokrati og fridom for det norske folk - innhaldet er eit vrengjebilete
>den kommunistiske rørsla i noren.
>
>Denne forma for politisk retorikk - der form vert viktigare enn innhald og
>tilsynelatande bytter plass - er ein gamal krigslist. Allereie 300 år føre
>kristi fødsel skreiv strategen Sun Tzu om "paradoksenes TAO", sitat:
>"Strategar brukar paradokset sine TAO.
>Dei lokkar med fordelen.
>Og overtek kontrollen gjennom forvirring."
>
>Sun Tzu sitt klassiske verk "The Art of War" var strategi i krigslist og er
>lite egna til å løysa politiske stridsspørsmål mellom vener.
>
>Det er derfor svært skuffande at ein skal oppleve denne forma for krigslist
>frå folk som utgjer seg for å vere vener. Karakteristikkar som
>"stalinistiske metodar" og "stalinistane i AKP" i ein debatt om
>Klassekampen og redaktørspørsmålet er i si form ikkje noko anna enn, i
>beste fall, ei avsporing av debatten - i neste omgang ein politisk abstrakt
>sjablon (form) utan anna innhald enn å freista vekka avsky i opinionen for
>sine motdebattantar - det gjev meg assosiasjonar attende til Gerhardsen si
>tale i Kråkerøy den 29. februar 1948. Eg er lei for å sei det vener, men
>det einaste som kan rettferdiggjere dette angrepet frå Gerhardsen si side,
>på kommunistane her i landet, må vere fordi ein fordømmer deira enorme
>innsats i norsk fagrørsle før krigen samt den heltemodige innsats fleire av
>dei gjorde under krigen.
>
>Når sosialdemokratar i dag slær seg på brystet og snakkar om oppgjeret med
>Stalin, når sanninga bak angrep på kommunistane, hadde innanrikspolitiske
>røter attende til kampen om makta i norsk fagrørsle før 2. verskrigen - ja,
>då vert eg kvalm! Det er ei historieforfalsking utan sidestykke.
>
>Aller er tent med ei objektiv forståing av historia, alle er tent med at
>sanninga kjem på bordet, alle er tent med å justera sine standpunkt ut frå
>ny kunnskap og lærdom. Berre dårar forlanger at andre skal gå den
>botsgangen dei sjølv aldri ville makta gjennomføre. Eg har aldri møtt på
>nokon som har vorte betre menneske gjennom slike øvingar - men eg har treft
>på fleire som har fått øydelagt sine livet stilt ovanfor slike krav.
>
>Påstandar, som har vorte framsett her på forumet, om min beundring for
>Stalin og mine stalinistiske legningar er like grunnlause som eventuelle
>påstandar om at eg var grunnleggjar av Kartago - slike rykte er med dette
>avsanna!
>
>
>MHH Olve Steinset
>
>
>