Debatt form og innhald

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 23 Oct 1997 23:56:34 +0100

Meddebattantar
Dette er eit innlegg om debatt form og innhald, eit aldri så lite forsøk på
å sortere litt - definera kva som er form og kva som er innhald. Sjølvsagt
skriv eg dette med utgangspunkt i mine eigne opplevingar frå debatten her
på forumet. For å ikkje vekke for sterke kjensle hjå nokon, skal eg taka
eit anna utgangspunkt enn denne debatten. Eit utgangspunkt med rike
historiske kjelder, og rikeleg med "politisk farleg retorikk". Mitt
utgangspunkt er Einar Gerhardsen sin tale i Kråkerøy den 29. februar 1948,
der han mellom anna sa, sitat:

"Hendingene i Tsjekkoslovakia har hos de fleste nordmenn ikke bare vakt
sorg og harme - men også angst og uhyggestemning. Problemet for Norge er,
så vidt jeg kan se, i første rekke et innenrikspolitisk problem. Det som
kan true det norske folkets frihet og demokrati - det er den fare som det
norske kommunistparti til enhver tid representerer. Den viktigste oppgaven
i kampen for Norges selvstendighet, for demokratiet og rettssikkerhet er å
redusere kommunistpartiet og kommunistenes innflytelse mest mulig."

Her gjer Gerhardsen det kunststykke det er å velje ei innpakning (form) som
tilsynelatande er ei solidaritetserklæring til folk i Tsjekkoslovakia mot
kommunistisk undertrykking, medan innhaldet er eit rått og brutalt angrep
på politiske motstandarar her heime. Den neste innpakninga er bevaring av
demokrati og fridom for det norske folk - innhaldet er eit vrengjebilete
den kommunistiske rørsla i noren.

Denne forma for politisk retorikk - der form vert viktigare enn innhald og
tilsynelatande bytter plass - er ein gamal krigslist. Allereie 300 år føre
kristi fødsel skreiv strategen Sun Tzu om "paradoksenes TAO", sitat:
"Strategar brukar paradokset sine TAO.
Dei lokkar med fordelen.
Og overtek kontrollen gjennom forvirring."

Sun Tzu sitt klassiske verk "The Art of War" var strategi i krigslist og er
lite egna til å løysa politiske stridsspørsmål mellom vener.

Det er derfor svært skuffande at ein skal oppleve denne forma for krigslist
frå folk som utgjer seg for å vere vener. Karakteristikkar som
"stalinistiske metodar" og "stalinistane i AKP" i ein debatt om
Klassekampen og redaktørspørsmålet er i si form ikkje noko anna enn, i
beste fall, ei avsporing av debatten - i neste omgang ein politisk abstrakt
sjablon (form) utan anna innhald enn å freista vekka avsky i opinionen for
sine motdebattantar - det gjev meg assosiasjonar attende til Gerhardsen si
tale i Kråkerøy den 29. februar 1948. Eg er lei for å sei det vener, men
det einaste som kan rettferdiggjere dette angrepet frå Gerhardsen si side,
på kommunistane her i landet, må vere fordi ein fordømmer deira enorme
innsats i norsk fagrørsle før krigen samt den heltemodige innsats fleire av
dei gjorde under krigen.

Når sosialdemokratar i dag slær seg på brystet og snakkar om oppgjeret med
Stalin, når sanninga bak angrep på kommunistane, hadde innanrikspolitiske
røter attende til kampen om makta i norsk fagrørsle før 2. verskrigen - ja,
då vert eg kvalm! Det er ei historieforfalsking utan sidestykke.

Aller er tent med ei objektiv forståing av historia, alle er tent med at
sanninga kjem på bordet, alle er tent med å justera sine standpunkt ut frå
ny kunnskap og lærdom. Berre dårar forlanger at andre skal gå den
botsgangen dei sjølv aldri ville makta gjennomføre. Eg har aldri møtt på
nokon som har vorte betre menneske gjennom slike øvingar - men eg har treft
på fleire som har fått øydelagt sine livet stilt ovanfor slike krav.

Påstandar, som har vorte framsett her på forumet, om min beundring for
Stalin og mine stalinistiske legningar er like grunnlause som eventuelle
påstandar om at eg var grunnleggjar av Kartago - slike rykte er med dette
avsanna!

MHH Olve Steinset