Reknar du Totskij som ein politikar av Bresjnevs type, eller reknar du
han som ein marxist med store feil?
Finn Sindre Eliassen
On Fri, 24 Oct 1997, Anders Ekeland wrote:
> Olve,
> Regner du Stalin som en hersker på linje med Bresjnev eller regner du ham
> som en marxist med store feil?
>
> Vh
> Anders Ekeland
>
>
>
>
> At 23:56 23/10/97 +0100, you wrote:
> >Meddebattantar
> >Dette er eit innlegg om debatt form og innhald, eit aldri så lite forsøk på
> >å sortere litt - definera kva som er form og kva som er innhald. Sjølvsagt
> >skriv eg dette med utgangspunkt i mine eigne opplevingar frå debatten her
> >på forumet. For å ikkje vekke for sterke kjensle hjå nokon, skal eg taka
> >eit anna utgangspunkt enn denne debatten. Eit utgangspunkt med rike
> >historiske kjelder, og rikeleg med "politisk farleg retorikk". Mitt
> >utgangspunkt er Einar Gerhardsen sin tale i Kråkerøy den 29. februar 1948,
> >der han mellom anna sa, sitat:
> >
> >"Hendingene i Tsjekkoslovakia har hos de fleste nordmenn ikke bare vakt
> >sorg og harme - men også angst og uhyggestemning. Problemet for Norge er,
> >så vidt jeg kan se, i første rekke et innenrikspolitisk problem. Det som
> >kan true det norske folkets frihet og demokrati - det er den fare som det
> >norske kommunistparti til enhver tid representerer. Den viktigste oppgaven
> >i kampen for Norges selvstendighet, for demokratiet og rettssikkerhet er å
> >redusere kommunistpartiet og kommunistenes innflytelse mest mulig."
> >
> >Her gjer Gerhardsen det kunststykke det er å velje ei innpakning (form) som
> >tilsynelatande er ei solidaritetserklæring til folk i Tsjekkoslovakia mot
> >kommunistisk undertrykking, medan innhaldet er eit rått og brutalt angrep
> >på politiske motstandarar her heime. Den neste innpakninga er bevaring av
> >demokrati og fridom for det norske folk - innhaldet er eit vrengjebilete
> >den kommunistiske rørsla i noren.
> >
> >Denne forma for politisk retorikk - der form vert viktigare enn innhald og
> >tilsynelatande bytter plass - er ein gamal krigslist. Allereie 300 år føre
> >kristi fødsel skreiv strategen Sun Tzu om "paradoksenes TAO", sitat:
> >"Strategar brukar paradokset sine TAO.
> >Dei lokkar med fordelen.
> >Og overtek kontrollen gjennom forvirring."
> >
> >Sun Tzu sitt klassiske verk "The Art of War" var strategi i krigslist og er
> >lite egna til å løysa politiske stridsspørsmål mellom vener.
> >
> >Det er derfor svært skuffande at ein skal oppleve denne forma for krigslist
> >frå folk som utgjer seg for å vere vener. Karakteristikkar som
> >"stalinistiske metodar" og "stalinistane i AKP" i ein debatt om
> >Klassekampen og redaktørspørsmålet er i si form ikkje noko anna enn, i
> >beste fall, ei avsporing av debatten - i neste omgang ein politisk abstrakt
> >sjablon (form) utan anna innhald enn å freista vekka avsky i opinionen for
> >sine motdebattantar - det gjev meg assosiasjonar attende til Gerhardsen si
> >tale i Kråkerøy den 29. februar 1948. Eg er lei for å sei det vener, men
> >det einaste som kan rettferdiggjere dette angrepet frå Gerhardsen si side,
> >på kommunistane her i landet, må vere fordi ein fordømmer deira enorme
> >innsats i norsk fagrørsle før krigen samt den heltemodige innsats fleire av
> >dei gjorde under krigen.
> >
> >Når sosialdemokratar i dag slær seg på brystet og snakkar om oppgjeret med
> >Stalin, når sanninga bak angrep på kommunistane, hadde innanrikspolitiske
> >røter attende til kampen om makta i norsk fagrørsle før 2. verskrigen - ja,
> >då vert eg kvalm! Det er ei historieforfalsking utan sidestykke.
> >
> >Aller er tent med ei objektiv forståing av historia, alle er tent med at
> >sanninga kjem på bordet, alle er tent med å justera sine standpunkt ut frå
> >ny kunnskap og lærdom. Berre dårar forlanger at andre skal gå den
> >botsgangen dei sjølv aldri ville makta gjennomføre. Eg har aldri møtt på
> >nokon som har vorte betre menneske gjennom slike øvingar - men eg har treft
> >på fleire som har fått øydelagt sine livet stilt ovanfor slike krav.
> >
> >Påstandar, som har vorte framsett her på forumet, om min beundring for
> >Stalin og mine stalinistiske legningar er like grunnlause som eventuelle
> >påstandar om at eg var grunnleggjar av Kartago - slike rykte er med dette
> >avsanna!
> >
> >
> >MHH Olve Steinset
> >
> >
> >
>