Re: Fortsatt Nei til EU

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Tue Apr 25 2000 - 17:27:15 MET DST


Bjarke Friborg a écrit :

> Jeg er delvis uenig med Oddmund Garvik i denne fremstillingen. Ved
> EU-parlamentsvalget for et år siden var det jevnt over fremgang for den
> EU-kritiske venstresiden. Selv om valgdeltakelsen var lav, er det likevel
> helt reelle bevegelser som har vokst frem og fått en viss størrelse. I flere
> land har disse partiene rundt 3-5% av stemmene og har stor innflytelse i de
> folkelige bevegelsene, eksempelvis:

...klipp...

> Det er altså en brokete venstreside, med vidt forskjellige røtter, som har
> styrket seg i de siste årene. Men det er åpenbart grunnlag for
> nei-bevegelser på ytterste venstreside - enten de er venstresosialistiske
> (som Sosialistpartiet i Nederland) eller revolusjonære (som den franske
> LO/LCR-alliansen).

Eg kjenner ikkje situasjonen i Nederland og Skottland. Det er rett at
LO/LCR i Frankrike gjekk ein tanke fram ved førre Europaval, først og
fremst fordi dei stilte fellesliste, dernest fordi Arlette Laguiller har
eit positivt mediabilete. Ho har vore kandidat i tredve år, og blir
"hylla" for å vera meir uthaldande enn dei fleste. LO og LCR er likevel
framleis heilt marginale, og er først og fremst urbane parti. Eg er
heller ikkje så sikker på at det var eksplisitt EU-motstand som låg bak
framgangen deira.

Spørsmålet om EU-motstand i eit medlemsland, er elles ikkje eit spørsmål
om medlemsskap eller ikkje. Det gjeld meir konflikten mellom grasrota og
dei sentrale maktorgana. I denne konflikten har ikkje dei tradisjonelle
partia så stor plass lenger. Dei diltar med, men det er heilt andre
krefter som står bak organiseringa av den folkelege motstanden (jfr.
ATTAC/Confédération Paysanne/Coordination Paysanne Europeenne osb.).
Desse organisasjonane samarbeider med liknande organisasjonar i andre
land og på andre kontinent. Den rørsla som stod bak WTO-motstanden i
Seattle t.d. er ny på eit vis, fordi ho er internasjonal. Det er denne
rørsla som har framtida i seg, fordi ho spring ut av grasrota, er
kontrollert av grasrota, og snakkar om problema på grasrotnivå, som
eigentleg viser seg å vera dei fundamentale problema i verda i dag:
Fattigdomen, forskjellen mellom nord og sør, miljøøydeleggjinga, den
genetiske tuklinga med organismar, dei multinasjonale selskapa sitt
knipetak på livet til milliardar av menneske.

Attende til Europa, trotskistane og dei andre revolusjonære: Dei har
ikkje funne ein plass i den nye, meir rurale miljørørsla som reiser seg
mot globaliseringa, raseringa av naturen og den urettferdige fordelinga
av rikdomane. Dei endar i beste fall opp med frasemakeri.

Det er elles ein viss konflikt mellom det å stille til val og bli
representert i Europaparlamentet, og det å vera mot heile institusjonen.
Hittil har då heller ikkje arbeidet til dei trotskistiske kandidatane
vore så mykje å skryte av. I januar sørgde dei t.d. for at ein
resolusjon om Tobin-skatten blei nedstemt i Strasbourg (saman med ein
representant frå PCF). Spørsmålet var sjølvsagt berre
"illusjonsmakeri"... Dei blir likevel sitjande, for stolen er varm og
lønna for strevet er vel ikkje så reint lita.
 
> Jeg er også uenig i å gå inn for å styrke EU-parlamentet, men jeg er enig i
> at det ofte kan være et problem med den svært sprikende nei-siden.

Eg forstår ikkje heilt kva du meiner her. Kvifor skulle ein gå mot
styrking av EU-parlamentet?

> Det er
> helt avgjørende å skille seg ut fra sjåvinismen og rasismen, og å bygge en
> internasjonal nei-rørsle. Men det er slett ikke det samme som å styrke
> EU-parlamentet, snarere er det å engasjere seg i de bevegelsene "nedenfra"
> som Garvik selv listet opp.

Er det ikkje to sider av arbeidet med å skape eit meir demokratisk
Europa? Masserørslene har sjølvsagt sin eigen dynamikk, og fungerer på
sida av dei parlamentariske organa, men det finst vel ingen konflikt
her? Det er klassekamp på forskjellige nivå.
 
> >Kor går grensene mellom den delen av EU-motstanden som kort og godt er
> >nasjonalsjåvinistisk, kanskje høgrepopulistisk, og den delen som yndar å
> >kalla seg "internasjonalistisk", og som kanskje har eit perspektiv utover
> >det nasjonale?
>
> Dette er et godt spørsmål, og de brede nei-organisasjonene i mange land har
> vanskelig med å avklare hvor disse grensene går. I Danmark sitter
> nei-representantene i EU-parlamentet i samme gruppe som de nord-irske
> lojalistene, og med noen franske millionærer. I andre land går det også en
> opprivende strid mellom høyre- og venstremotstanden. Vi får håpe at Frp og
> SV ikke bytter side i den kommende EU-kampen, men jeg er redd for at nettopp
> dette kan skje.

Difor er det viktig å få i stand ein ny debatt om EU på eit heilt anna
grunnlag, og med ei heilt anna innretning. Anten ein er tilhengjar eller
motstandar av EU, blir ein før eller seinare nøydd til å stable på beina
samfunnsmodellar, alternativ. Det er her det sviktar ein del i den
norske debatten.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
message envoye depuis http://www.ifrance.com
emails (pop)-sites persos (espace illimite)-agenda-favoris (bookmarks)-forums
Ecoutez ce message par tel ! : 08 92 68 92 15 (france uniquement)



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:32 MET DST