Re:_Allern=2C=5FNærstad=2C=5FMichelet=2C=5FSolvei=2C=5FAsgeir=5Fm.f.

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Wed, 10 Dec 1997 20:11:47 +0000

Le 10 Déc 97 =E0 15:46, Olve Steinset a écrit:

> Det vert høgt under taket når himlingen råtnar!

Tja, eg veit ikkje om han rotnar i dette tilfellet. Det er vel heller
slik at me hamrar som ville helvete for å få den nye himlingen på
plass...

> Ærleg tala folkens, er ikkje denne akta i
> tragikomedien "Klassekampens ve og vell" snart over? Denne til
> stadig attende vendinga til kven som gjorde kva når og sa ditt og
> datt og laug det eine og hitt til den eine og andre - bringar oss
> ikkje ein millimeter framover. Vere så snille å slutte opp med dette
> tullet, dette rablet er mindre verdt enn ei tørr skorpe i
> flesketida.

Det kan hende at det går rette vegen no. Det er ikkje det at
detaljane nødvendigvis er så interessante, det er prinsippet om at
alt må på bordet som er viktig. Ein skal ikkje danse rundt grauten
for lenge, for då blir han kald.

Eg vonar dette utspelet kan bli byrjinga på noko meir konstruktivt
enn det me har sett i det siste. Det er greitt å liggje i
skyttargraver, men før, eller seinare døyr alle mann. Ein må opp av
gravene, og fram med dei kvite flagga. Deretter kan ein setje seg til
bords for å diskutere.

Det er ikkje så mykje å velja mellom når det kjem til stykket. Anten
må heile "venstresida" takast med i debatten, og i prosessen, eller
så er det slutten på avisa Klassekampen. Dette trur eg alle med litt
sunn fornuft skjønar.

Med helsing

Oddmund Garvik