Ord til forretningsorden

Olve Steinset (olves@online.no)
Sat, 22 Nov 1997 17:49:45 +0100

Ein Oddmund Garvik ynskjer seg ein debattstil som også omfattar "håndgemeng", det må verta opp til han og dei som vil "gå i ringen" med han. Personleg meinar eg det må vere opp til kvar einskild kor vidt ein vil vera tilskodar til den typen "hardtslåande argumentasjon", personleg vel eg å ikkje delta i den typen debattar, og heller ikkje vera tilskodar. Difor går herr Garvik sine innlegg heretter uleste i bosskorga hjå meg.

Når eg henta eit sitat frå ein gammal fagforeningsprotokoll, frå eit møte den 10. februar 1930, der ein skulle handsame ei fråsegn med bl.a. spørsmål om støtte til Strassburgertesene, sitat: "Efter flere hårde klubbeslag i bordet uten at det lykkedes ordstyrer at oppnå ro i salen ærklærede han møtet avsluttes for at avgjøre saken med håndgemeng utenfor lokalet.", - ja, så var det for å understreke Pål Steigan si oppmoding om ein meir sakleg debattform. Debattforma som eg henta eit døme frå førte ikkje til ei meir samlande og sterk venstreside i norsk politikk - historia har synt det.

MHH Olve Steinset