Re: admiralen snudde

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Wed, 10 Dec 1997 19:05:33 +0000

Ja, dette går smått om senn i rett lei. Held det fram på
denne måten, kan borgarkrigen på "venstresida" unngåast, og vel
er det. Eg tvilar på at det nokon gong har vore snakk om å trykkje
nokre av mine innlegg i Klassekampen, og tykkjer også det er heilt
greitt! Dette har eg liksom Arne Eriksen gitt redaksjonen melding om.

Eg har kanskje vore litt usakleg til tider, men det er lett for i
denne typen kommunikasjon. Dessutan har eg ikkje vore aleine om
dette, og då er me vel skuls på ein måte? Dette med at eg tek ting
opp att fleire gonger, kan så vera. Eg dreg på åra, og då blir det
slik. Kanskje eg også drikk litt for mykje vin...eg har vinmarker
rundt meg på alle kantar her!

Går utviklinga no i ei lei som eg kan gå god for, kjem eg nok til å
endre standpunkt før, eller seinare, og både abonnere på, og skrive i
avisa. Ikkje det at eg trur det har noko å seia for framtida til
Klassekampen, langt derifrå, men blir det mange nok som endrar syn på
denne måten, er det kanskje liv laga likevel.

Med helsing

Oddmund Garvik