Re: Antibiotikabruk

Magnar Jarle Olsen (mjolsen@online.no)
Tue, 02 Dec 1997 17:07:47 +0100

David Storoy wrote:
>
> Slike utsagn vokser stadig verden over. Denne usikkerheten rundt
> antibiotikaen bør komme i helsemyndighetens lys! Er de blinde?Eller er
> de redde for sannheten?Er de redde for at deres helsemodell rakner?
> Det finnes ikke bivirkninger i homeopatiske legemidler. Deres modell
> ang helse og sykdom er helhetlig. Hele mennesket tas med:
> Følelsesmessig,mentalt og fysisk. Homeopatien er opptatt med årsaken
> til sykdommen/symptomene om man vil. Skolemedisinen er bare opptatt
> av å undertrykke symptomene. Kjempe en sjanseløs kamp mot virus og
> bakterier.På diverse laboratorier. En meningsløs kamp som de aldri
> kommer til å vinne.
>
Eg har hatt ungar med øreplagar i oppveksten. Etter (alt for) mange
antibiotikakurer, gjekk vi til homeopat. Ein av dei mest brukte og
kjente i regionen. Å "ta vare på heile mennesket" tydde å spørje om
sjukdomen (symptoma), sjå ned i halsen på ungane, kikke litt på
regnbogehinne og spørje om vi hadde hund. Så kunne sukkerkulane skrivast
ut. Ingen allmennpraktiserande lege har studert regnbogehinne til
ungane, så det er vel skilnaden på heile mennesket og delar av det!
Ingen av dei vart serleg friskare av sukkerkulene heller. Kvitt plagane
vart dei først då ein skulemedisinar sette inn drenering i trommehinna.
Eg er grundig lei påstanden om at skulemedisinen berre er oppteke av å
undertrykke symptomane. Når ein lækjar skriv ut antibiotika er det ikkje
for å undertrykke symptoma, men for å knekke smittestoffet. Det same er
det ein homeopat seier han gjer.
Å hevde at antibiotikabruken er, og har vore, for stor og ukritisk er
vel elles å slå inn vidåpne dører. Helsestyresmaktene har vore klår over
dette lenge.
Nei, det finnest ingen biverknader med homeopati. Det finst knapt
verknader! Om metodane er så gode, kvifor er homeopatar så lite viljuge
til å late metodane sine gå gjennom blindtestar under kontroll av andre
enn dei sjølve? Så vidt eg kan sjå, finst det svært lite uavhengig
materiale som stadfestar verknaden til homeopati og dei fleste andre
greinene av alternativ medisin.