Re: Antibiotikabruk

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Tue, 2 Dec 1997 18:29:14 +0100 (MET)

Tysdag 2. desember 1997 skreiv Storøy:

> Det finnes ikke bivirkninger i homeopatiske legemidler.

Det kan så vere. Problemet er at homeopatien ikkje har dokumentert
effekt paa sjukdom.

Eg hadde ein lærar ein gong som aldri vart lei av å forklare oss at folk
og dyr kunne vere ufriske; ikkje friske, men heller ikke sjuke.

Eg trur homeopatien sitt felt er dei ufriske; altså folk som ikkje er
sjuke i medisinsk forstand, men som av andre årsaker kjenner seg dårlege.

Storøy skreiv:
> Deres modell ang helse og sykdom er helhetlig. Hele mennesket tas med:
> Følelsesmessig,mentalt og fysisk.

Og økonomisk. Eg sit med ei kjensle av at interessa for folk sine
lommebøker ikkje nett er liten i homeopatien og annan alternativ
medisin.

Storøy skreiv:
> Homeopatien er opptatt med årsaken
> til sykdommen/symptomene om man vil.

Kva tyder dette? Homeopatien er nok opptatt med både det eine og det
andre , men har ingen vitskapleg teori å byggje på. Det laust samantømra
homeopatiske byggverket kviler på to sentrale dogme:

- like lækjer like
- ideen om potensering

I dette ligg mellom anna det at dess mindre "medisinen" inneheld av det
verksame stoffet, dess betre verkar det.

Dette er drive så langt at homeopatiske "lækje"middel er reine
fortynningsmiddel.

Storøy skreiv:
> Vil antibiotikaen overleve framtiden?

Det gjer han nok. Men eg vonar at homeopatien og andre okkulte kunstar
ikkje vil gjere det.

Det kan synast paradoksalt at den alternative medisinen brødfør så mange
no til dags når vi tenkjer på kva den medisinske vitskapen kan prestere
av lækjedom.

Om han får budsjett til det vel å merkje.

Finn Sindre Eliassen