Nynorskklasse i gamle Nidaros

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 26 Nov 1997 09:33:38 +0100

Dette er ei melding til dei som sjølv har eller som kjenner nokon som har
ungar som skal byrja på skulen i Trondheim
hausten 1998. Underskrivne har ein son som han ynskjer skal få nynorsk som
opplæringsmål slik ein kan krevja dersom
foreldre til 10 eller fleire ungar ynskjer det. For tida soknar me til
Bispehaugen skule, men me er ogso interessert i
kontakt med interesserte foreldre som har ungar som skal byrja på andre
skular - særleg andre sentrumsnære skular
(me KAN flytta....) Ettersom provinshovudstaden Oslo no har hatt
nynorskklassar på Sagene eit par år - er det på tide
ogso her oppe i gamle Nidaros.
For dei som ikkje måtte vera heilt overtydd om at nynorsk er det rette
målet for ungar i Trondheim, kan eg lokka med
at ein nynorskklasse vil gjeva ein ekstra klasse (dersom det vert ved
Bispehaugen skule) slik at alle klassane vert mindre,
alle lærebøker i alle fag vert garantert heilt nye - og mållaget har lova
meg å gjeva ungane tinging på Norsk Barneblad.
Skuleboksamlinga vil dessutan få ei solid forsterking med nynorske bøker for
ungar.
Dersom de vil vera med på dette - eller dersom de kjenner nokon som
kanskje kan tenkja seg å vera med (eller som burde
vore diskutert med) - so tak gjerne kontakt med meg. Telefonnummer på arbeid
kan de lesa under denne meldinga.

helsingar frå ein innfødd Trondheimsmålmann
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41