Johannes Falnes sine nettsider om friluftsliv

Johannes Falnes' web pages on hiking and outdoor life

. .
Eitt nivå opp
One level up

 
 
 
. .
 

Topp Top


Topp Top


Eg likar å gå dagsturar i skog og mark. Bymarka i Trondheim er eit område som eg nyttar til turgåing heile året, men mest i skisesongen, som somme vintrar varer samanhengande frå november til mai. Når eg er til fjells, varer turane gjerne i fleire dagar, og då går eg gjerne mellom turisthyttene. Stundom har eg heller brukt fjellteltet mitt. Vinterturar har eg særleg hatt i fjellområda Sylane og Trollheimen, som ikkje er så langt frå Trondheim.

Saman med kone og born har eg for mange år sidan hatt sommarturar i Ryfylkeheiane, på Hardangervidda, i Rondane og i Sylane. I mange år var vi i påskeferien saman på setra Storlivollen, Os i Østerdalen.

I juni 2002 gjekk eg fyrste etappen av ei fotvandringsrute frå Skudenes, der eg vaks opp, til Trondheim, der eg har budd mesteparten av livet. Dette er ein gamal draum som eg har gjennomført etter eg blei pensjonist. Eg har gått etappar vidare om somrane etterpå og nådde i 2006 heim til Byåsen i Trondheim.


In the recreation region Bymarka near Trondheim, I frequently enjoy walks along trails and, in particular, (during the snow season) cross-country skiing. I also enjoy mountain hiking that may last for several days, for instance, along paths between Norwegian tourist huts. Since 2002, I have each summer spent some days walking parts of the distance between my childhood place Skudenes on island Karmøy (much closer to Stavanger than to Bergen) and Trondheim, where I have spent most part of my lifetime. 14/7/13/6/15 days of walking in 2002/2003/2004/2005/2006 brought me to Røldal/Finse/river Sjoa/mountain Dovrefjell/Trondheim. Additional details
here .

  Johannes Falnes + Elisabeth (barnebarn/grandchild ). Haramyra, Bymarka, Trondheim, 2001.

Wave-energy researchers Thomas Hysing, Knut Bønke, Stephen Salter, David Evans, Even Mehlum. Bødalen (61º 48' N, 7º 9' E), September 1982. It was Even's proposal to hold a six-man wave-energy meeting at the tourist hut Bødalssetra.

Johannes Falnes. Hunnedalen (58º 7'N, 6º 36'E), mai 1999.

Hårteigen (1690 m o.h.) er ein markert topp på Hardangervidda, her sett mot søraust frå Torehytta (60º 12'N, 7º 3'E). På vandringa hit nordover frå Litlos 2003-07-20 passerte vi Hårteigen på austsida.
 
Kontaktadresse/Contact address: johannes.falnes(a)ntnu.no
HTML-fil oppretta/HTML file erected:  2006-08-21. Litt endra/Minor modification: 2007-08-25