Forskingstermin ved NTNU

From: Ivar_S._Ertesvåg (ivar.s.ertesvag_at_mtf.ntnu.no)
Date: 18-05-01


15.mai har passert for i år....
(det var fristen for å søkje om reisepengar for utanlandsopphald i 2002/03).

Ved universiteta i Oslo og Bergen (og Tromsø, trur eg) har vitskapleg
tilsette rett på
forskingstermin kvart sjuande år (alternativt kvart sjuande halvår). Dette er
vedteke i Kollegiet (eller det tilsvarande organet på vedtakstidspunktet)
ved universiteta.

Men det ser ikkje ut til at vitskapleg tilsette ved NTNU har den same
vedtekne/regelfesta
retten. Kan det vere rett?

I så fall er det opp til fakultetsstyret å tildele, evt. ikkje tildele,
forskingstermin når det
passar. Og dersom eit fagområde har mykje undervisning og lite folk, er det
klart at det vil passe dårleg med forskingstermin ......

Hadde det ikkje vore ryddigare om dei tilsette fekk rett til
forskingstermin, og
fakultet/institutt fekk plikt til å planlegge?

Ivar S. Ertesvåg



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET