Etter- og vidareutdanning og IKT ved NTNU

From: Jens Haugan (Jens.Haugan_at_hf.ntnu.no)
Date: 23-02-00


Etter- og vidareutdanning og IKT ved NTNU

Dersom NTNU vil bli leiande innan forsking på og bruk av IKT i
undervisningssamanheng, bør ein så snart som råd sørgje for at det blir
oppretta offisielle IKT-miljø som har dette som eit definert fagområde. Det
er då viktig at ein kombinerer kunnskapen og erfaringane til dei som
arbeider med IKT ut ifrå ein meir teknisk synsvinkel, og dei som brukar IKT
i samband med fagleg retta praktisk-pedagogisk verksemd. Eit godt
organisert IKT-miljø ved NTNU er ein føresetnad for at etter- og
vidareutdanninga (EVU) skal kunne komme opp på eit nivå som er akseptabelt
for eit universitet. Ein treng derfor eit profesjonelt fagleg "senter" for
EVU der kompetanse frå ulike fagfelt er samla. Eit slikt senter vil
dessutan kunne utnytte dei finansielle ressursane på ein mykje betre måte
enn om ein overlèt alt utviklingsarbeid til småmiljø utan kontakt med
kvarandre.

EVU vil bli stadig viktigare etter kvart som talet på "ordinære" studentar
går ned. I framtida vil ein basere seg meir og meir på bruk av IKT, som
gjer det lett å skaffe seg nye kunnskapar og formell kompetanse utan omsyn
til t.d. geografisk plassering. Dette vil mest truleg resultere i at EVU
vil komme opp på eit nivå tilsvarande grunnutdanninga.

EVU må sjølvsagt vere forankra i den faglege verksemda ved NTNU. Ein kan
likevel utvikle spesiell kompetanse innan EVU for enkelte prioriterte
fagområde og knytte denne kompetansen opp mot eit praktisk-pedagogisk
IKT-miljø ved NTNU. På den måten vil det vere mogleg for den enkelte
faglæraren/programutviklaren å vidareutvikle seg, og det vil òg vere
lettare for nye personar å komme i gang med EVU.

EVU er også eit effektivt rekrutteringstiltak. Dersom ein legg til rette
for internettbaserte EVU-kurs (og grunnutdanningskurs), vil ein nå mange
fleire potensielle studentar. I mange tilfelle vil ein kunne auke
studenttalet med 50% eller meir dersom ein legg til rette for gode
fjernundervisningstilbod.

Senter for etterutdanning (SEU) har i mange år vore ein serviceinstitusjon
for bl.a. SVT-, HF- og KB/FIM-fakulteta (og andre interesserte miljø) når
det gjeld EVU. SEU er eitt av dei miljøa ved NTNU som har lengst erfaring
innan EVU, og mange er interesserte i kompetansen på SEU fordi ein har eit
heilskapleg syn på etter- og vidareutdanning, som kombinerer fag, utvikling
og administrasjon. NTNU ønskjer derimot eit klart skilje mellom fag og
administrasjon, noko som er svært vanskeleg dersom ein skal kunne tilby
tilfredsstillande EVU til eksterne studentar. EVU er ikkje noko ein kan
drive med "på si" ved sida av den vanlege faglege verksemda. EVU krev
faktisk større innsats av faglæraren (og administrasjonen) enn vanleg
on-campus-undervisning. Førelesingane må vere nøye utarbeidde, det formelle
må vere i orden, og ein må ta seg av sosiale aspekt i mykje større grad enn
i forhold til ordinære studentar. Dette er ikkje noko den "vanlege"
universitetslæraren tenkjer mykje over i dag. EVU stiller større krav til
fagleg-pedagogisk bevisstheit og sosialt engasjement til faglæraren enn
ordinær undervisning. Dei færraste av dei som er tilsette på institutta ved
NTNU i dag, har kompetanse på EVU - og det er heller ikkje lett å skaffe
seg slik kompetanse, med mindre ein sjølv leitar opp relevante personar.
Det er vanskeleg å sjå at NTNU på den måten vil kunne byggje opp eit aktivt
EVU-miljø av høg fagleg kvalitet. Det er heller ikkje lett å sjå at
NTNU-vidare med den sjølvdefinerte administrative funksjonen skal kunne
bidra til å byggje opp eit slagkraftig EVU-miljø.

Eg er for tida bl.a. engasjert i eit samarbeidsprosjekt
(Realfagsuniversitetet) mellom UiO, HiA og NTNU.. NTNU si gruppe skal
utarbeide eller finne fram til eit praktisk system for organiseringa av EVU
vha. IKT. Realfagsuniversitetet har hittil bruka to studentar frå IDI som
har utvikla eit system for PLU (FPPU). Samtidig har Geografisk institutt
utvikla eit system, og språkfaga på HF (LINGO) er også i gang med eit
nettbasert undervisningssystem. ITEA har sitt kurshotell, og IDI har eit
system som ser ut til å bli kommersielt. Det finst sikkert fleire
utviklingsprosjekt, og det er openbert at dette er ressurssløsing og
uheldig for den samla kompetansen ved NTNU. Dersom dei som er involverte i
EVU, var samla i eit IKT-miljø der ein kunne utarbeide og evaluere system i
samarbeid, ville ein kunne oppnå mykje meir på kortare tid. Det ville også
verke mykje meir seriøst overfor eksterne samarbeidspartnarar dersom NTNU
hadde klare mål og strategiar på dette området.

Eg sit elles også i ei arbeidsgruppe saman med representantar frå NKS, BI
og Høgskolen i Lillehammer for å diskutere EVU for Skattedirektoratet. Ein
blir konsekvent omtalt som "tilbydar", men det er vanskeleg å sjå at NTNU
per i dag har så mykje konkret å tilby, samanlikna med dei kommersielle
tilbydarane når det gjeld behovsretta EVU. Eg føler heller ikkje at det er
noka konkret hjelp å få frå NTNU i form av mandat eller strategi - eller
eit arbeids-/referansemiljø.

Slik situasjonen er no, må kvart enkelt fagmiljø vurdere sjølv kva ein kan
gjere for å komme i gang med EVU. NTNU-vidare er i praksis ikkje til særleg
mykje større hjelp enn at ein blir lokka med incentivmiddel og
administrativt hjelp. NTNU-vidare seier sjølv at ein ikkje skal blande fag
og administrasjon, fagleg hjelp er derfor ikkje mogleg å få der. Kven skal
så representere fagkompetansen innan etter- og vidareutdanning ved NTNU?

Når det gjeld den tekniske kompetansen, er det heilt klart at datamiljøet
representert ved IDI er sentralt. På den andre sida er dette miljøet også
prega av eigne faglege interesser. Som ein serviceinstitusjon har ITEA
derimot ei heilt anna stilling i forhold til fakulteta og institutta. Bl.a.
er tradisjonen for å tenkje praktisk og brukarretta mykje større på ITEA.
Ved sida av NTNU-vidare ser det derfor ut til at ITEA bør vere éin sentral
del innan etter- og vidareutdanningsmiljøet ved NTNU. Spørsmålet er derimot
kva form eit eventuelt fagleg-pedagogisk senter for etter- og
vidareutdanning skal ha, og om ein skal organisere noko nytt, eller byggje
på det som er etablert og som har eit nettverk.

Jens Haugan
Senter for etterutdanning
[ innlegget er sterkt forkorta. Full versjon:
http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/publik/EVU-NTNU.htm ]



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET