Re: LM-rettsaka og ITNs falskneri.

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Thu Mar 23 2000 - 22:57:30 MET

  • Next message: pursin@online.no: "Re: LM-rettsaka og ITNs falskneri."

    Asgeir Bjørkedal a écrit:

    > Eg er framleis usikker på kva du meiner, sidan du heile tida vrir deg unna
    > kjernespørsmålet i saka på same måte som andre forsvarar av ITN.
    > Meiner du:
    >
    > A) At Thomas Deichmann, Jared Israel, Diana Johnstone, LM samt dommaren i
    > rettsaka lyg når dei hevdar at det var TV-teamet som var "inngjerda" og
    > ikkje Ficret Alic og dei andre bosniarane.
    >
    > eller
    > B) At det ikkje spelar noko rolle om ITN iscenesette ein illusjon. (Sidan
    > fabrikasjonene deira likevel representerer ein slags høgare sanning?)
    >
    > Det ville være fint om du kunne svare klart og tydeleg på det, for fram til
    > no verkar det på meg som om du vinglar fram og tilbake mellom desse to
    > posisjonane.

    Eg vinglar ikkje av den enkle grunn at eg ikkje var i Bosnia i 1992 (eg
    var der fleire gonger nokre år før). Eg kan ikkje påstå noko som helst
    om korleis ITN-teamet arbeidde. Om biletet til ITN var iscenesett,
    forandrar det ikkje så mykje for meg. For krigen i Bosnia var ingen
    illusjon, heller ikkje fangeleirane, eller talet på dei som blei drepne
    med overlegg og kaldt blod. Dei som var hovudansvarlege for dette er
    diverre ikkje blitt straffa - ein av dei sit som me veit framleis med
    makta i Beograd. Dette er hovudproblemet i mi vurdering.

    For meg er det umogleg og meiningslaust å gripe hendingar ut av denne
    samanhengen. Sjølvsagt blei det lansert unøyaktige, eller feilaktige
    "opplysningar", overdrivne tal på døde osb. Men slik er alle krigar, det
    tar tid å få oversikt. Tala på døde som regimet i Beograd, og lakeiane
    deira er ansvarlege for, er likevel kolossale, og kan ikkje på nokon
    måte bortforklarast. Dei som var offer for Nato sine bomber
    representerer berre ein brøkdel i høve til dette.

    > 1. Ficrets Alics utsjånad blir forklart med at han skal ha hatt
    > tuberkulose. Eg kan sjølsagt ikkje garantere at det er tilfellet, men det
    > er påfallande at ingen av ITN sine forvarar imøtegår desse påstandane hvis
    > det ikkje stemmer. (Eg har leita igjennom dei forsvarstalane eg har kome over)

    Slutt med denne pripne "argumentasjonen"! Kva med alle dei andre? Eg
    minnest bilete av folk som var langt magrare enn mannen på det biletet
    me snakkar om. Du heng deg opp i detaljar, men slikt overlet eg til
    juristar. Eg forstår sjølvsagt at nokre grip fatt i dette høvet, for
    slik å freista bortforklåre, eller dekkje over kva som eigentleg hende i
    Bosnia.

    > 2. Desse avsløringane har vore kjende i vesten i fleire år utan at dei har
    > fått særleg brei pressedekning. Media har kanskje ikkje vore interessert i
    > å avsløre sine gamle synder. Eg går ut frå at RTS har forsøkt å spreie sitt
    > materiale så godt dei kan. Eg går ut frå at LM-rettsaka er foranledninga
    > til at det no blir gjort ein innsats for å spreie filmen.

    Dette verkar tøvete, og baserer seg på ideen om ei "kontrollert" presse.
    Hadde det verkeleg vore slik som du påstår, hadde nok saka vore slått
    opp for lenge sidan. No har det gått åtte år, utan at ein har høyrt eit
    pip. Her til lands har eg forresten ikkje sett eit ord om denne saka til
    dags dato. Bergens Tidende skreiv først og fremst om det fordi ei kvinne
    med norsk opphav er involvert i LM.

    > For det første er "judgment" korrekt stava, sjølv om Garvik kanskje ville
    > føretrekkje at dei skreiv "judgement". Men det er uansett ein noko patetisk
    > avleiingsmanøver når Garvik prøver å irettesetje folka på emperors-clothes
    > for måten dei brukar morsmålet sitt på. Forøvrig veit eg ikkje kvifor du
    > skriv titelen i staden for tittelen, men eg ser ikkje noko mistenkjeleg i
    > det. :)

    Boff, det var ein parentes, men du har vel rett i at det er god "yankee"
    å skrive "judgment". Når det gjeld mi eiga rettskriving, eller mangel på
    rett staving av og til (særleg stadnamn), får eg berre gjenta at eg har
    budd i utlandet i snart tjue år, og at eg berre sjeldan praktiserer
    norsk. Så vidt eg minnest, er det lovleg å skrive både titel og tittel
    på norsk, men det har ikkje så mykje med saka å gjera.

    > Når det gjeld Garvik sine synspunkt på klassekampen si dekning, så er eg
    > grunnleggande ueinig: Det må være sjølsagt at KK omtaler alle avsløringar
    > om NATO sine radioktive og giftige våpen. Sjøl om VG også skriv om det.

    Du får lesa om att det eg sa. Det er ikkje noko gale i å skriva om
    dette, langt derifrå. Og redaksjonen i Klassekampen bestemmer sjølve kva
    dei vil skriva om, sjølv om det er gamalt nytt. Eg har ingen som helst
    innverknad på avisa, men nyttar høvet til å kritisere det som kjem på
    trykk av og til. Det er det KK-forum mellom anna er til for.

    > Og et soleklart standpunkt mot NATO sitt angrep på Jugoslavia er etter mitt
    > syn like sjølvsagt, hadde KK prestert vakle på det så hadde ikkje eg lenger
    > vore abbonent.

    Det er her fleire av oss er usamde. Eg kritiserte
    "kampanjejournalistikken" til Klassekampen i fjor, samstundes som eg kan
    forstå kvifor det blei og blir slik. Men det er ingen god veg om ein vil
    gjera avisa større og viktigare. Eg har ikkje vore abonnent på mange år,
    så det forandrar ingenting i så måte.
     
    > Og å kritisere serberane som ikkje dreiv opposisjonsarbeid under krigen,
    > det blir berre for dumt!

    Nei, det var ikkje det eg gjorde. Eg viste berre til noko som av andre
    og av den serbiske propagandaen blei halde fram som "heroisk motstand"
    (mot Nato): Rekkjer av vanlege folk hand i hand med blinkar på brystet,
    rockekonsertar kvar ettermiddag midt i sentrum av Beograd under
    bombeåttaka osb. Dei få som verkeleg var opposisjonelle kom seg ut av
    landet, for som eg også sa: Det er ikkje lett å drive motstandsarbeid i
    eit land i krig. Dessutan har det aldri vore så stor usemje i den
    serbiske leiren om at Kosovo er den åndelege vogga til den serbiske
    nasjonen. Difor var også deler av "opposisjonen" med på det halvgale,
    serbiske, nasjonale sjølvmordet som Milosevic starta i 1989.

    Oddmund Garvik

    PS: Neste gong let eg deg få siste ordet - eg har ikkje tid til å male
    vegger opp og vegger ned om dette, og det forandrar no faen så lite
    også...

    -- 
    "NSA KGB CIA nuclear conspiration war weapon spy agent... Salut
    Echelon!"
    



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Mar 23 2000 - 23:05:58 MET