Re: Lovtale til det ureine i politikken

From: asgeirbj@student.sv.uio.no
Date: Sat Mar 18 2000 - 15:56:09 MET

  • Next message: Oddmund Garvik: "Re: LM og RCP"

    At 23:09 17.03.00 +0100, you wrote:

    >
    >Eg uttrykte for snart eit år sidan tvilen min. Eigentleg tykte eg at
    >alle løysingar var dårlege, inkludert Nato-intervensjonen. Men når det
    >kom til stykket, meinte eg at det aller verste var å halda fram med å la
    >Milosevic utrydde det kosovoalbanske folket. Mellom den etniske krigen
    >til Milosevic i Kosovo, og krigen til dei ikkje perfekte demokratia våre
    >mot Milosevic, valde eg å ikkje løyne noko som helst av mine innerste
    >kjensler - eg skreiv at eg var for intervensjonen i Kosovo.
    >

    Meiner du Garvik heilt seriøst at Milosevic var i ferd med å "utrydde det
    albanske folket"??? Kva i all verda byggjer du i så fall ei slik
    førestilling på, anna en dine "innerste kjensler"?

    Og meiner du framleis at NATO-angrepet har medført noko positivt? Og var
    krigen til Milosevic noko meir "etnisk" enn krigen til NATO m/UCK?

    Ein treng vel kanskje ikkje noko særleg meir enn kjensler for å dømme
    serberane nord og ned? Limer inn eit tidlegare svar til ditt innlegg om
    general Kristic, som aldri kom fram til KK-forum(går ut frå at spørsmåla eg
    stiller er rikelig "politisk ureine"):

    Garvik siterte Le Monde, særleg den siste setninga var artig formulert:

     "Men 2.575 andre var likeins offer for dei same massakrane, utan
    at dette førebels er prova."

    Kven treng vel bevis for å slå fast at skuldingar mot serberane er sanne??
    (Det har kanskje falle ut eit ord under oversetjinga?)

    Hvis oversetjinga til garvik er korrekt, bør ein vel også ta resten andre
    påstandar i artikkelen med ei stor klype salt. F.eks denne:

    "Minst 7.574 personar, alle muslimar, er meldt sakna og truleg døde."
     
    7574 personar "truleg døde", og likevel har ein ikkje klart å stadfeste
    meir enn ca 2000 av desse etter 4-5 år? Minner meg om ICTY-uttalelsen i
    haust om at ein vil finne 4256 lik når resten av gravstadane blir
    undersøkt, dei har vel lest det i stjernene. I Kosovo er framleis over 11
    000 albanerar "meldt sakna", det betyr sjølvsagt ikkje at dei er "truleg
    døde".

    Talet på offer i Srebrenica ligg vel sannsynlegvis nærare dette talet:

    "Fleire lik blei henta fram frå massegravene - 1.866 er identifiserte som
    personar drepne i, eller i nærleiken av enklaven."

    Men her seier ikkje Le Monde noko om kor mange av desse som var muslimar,
    soldatar og kor mange av desse som døde i kamp.(For det var vel ganske
    omfattande kampar "i, eller i nærleiken av enklaven"?) Dei formulerar seg
    også slik at det høyrest ut som det har blitt funne fleire lik i gravene
    enn desse 1866.

    Nokon som kjenner til opplysningar rundt dette? Kva slags dokumentasjon
    føreligg om Srebrenica, anna enn alt det hemmelegstempla materialet som USA
    hevdar å ha, men ikkje vil vise fram?

    Asgeir Bjørkedal
     



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Sat Mar 18 2000 - 15:58:32 MET