SV:_Miljø_og_skremselspropaganda_=28Var:_ Slik_var__februar=29

From: Ottar Birkeland (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: Tue Mar 07 2000 - 11:30:51 MET


>> Eit anna argument som kjem forholdsvis ofte er at naturkatastrofene rundt
om
>> i verda er blitt så mykje meir øydeleggjande. Den mediaskapte illusjonen
er
>> at dette skyldast at været er blitt mykje verre. Men hovedgrunnen er
faktisk
>> aukande folkemengd i dei utsatte områda og det dei gjer (drenerar, høgg
ned
>> skog osv.). Dermed blir ei nedbørsmengd som kjem noko oftare enn før
>> katastrofal og omfattar fleire.
>
>Det eine utelukkar ikkje det andre. Kor har du forresten dokumentasjonen
>din frå, som gjer at du bombastisk kan slå fast at dei ekstreme
>vêrutslaga me har sett dei siste åra, hovudsakeleg er ein "mediaskapt
>illusjon"?

Eg hadde ikkje noko for handa så eg tok meg ein tur på Internett for å finne
noko. Via CNN sine sider fant eg følgjande oversikt over orkanar,
hurricanes,
som har ramma USA i tre kategoriar: Kraftigaste, dødligaste og
størst økonomisk skade. Oversikten er utarbeida av "National Hurricane
Center".

Kraftigaste (most intense) http://www.nhc.noaa.gov/pastint.html
Her er det følgande fordeling på dei 64 kraftigaste hurricanes i
perioden 1900-1996:

1900-1919 14
1920-1939 13
1940-1959 18
1960-1979 10
1980-1996 9

Sjølv om denne statistikken manglar 1997-1999 for at periodane skal være
like lange, vil eg seie at dette tydar på at intensiteten og frekvensen
på hurricanes i USA er omtrent konstant. Sjølv den farlige perioden
1940-1959 vil eg seie at er uttrykk for meir tilfeldige variasjonar.

Størst økonomisk skade (costliest) http://www.nhc.noaa.gov/pastcost.html
Her er det følgande fordeling på dei 30 hurricanes som gjorde meir
enn 400 milliardar 1996-dollar i skade i perioden 1900-1996:

1900-1919 2
1920-1939 1
1940-1959 6
1960-1979 11
1980-1996 9

Tendensen er klar, det blir gjort meir skade, ikkje fordi det er blitt
fleire og sterkare hurricanes, men fordi det finst meir økonomiske
verdiar å øydeleggje.

Dødligaste (deadliest) http://www.nhc.noaa.gov/pastdeadlya1.html
Denne statistikken omfattar alle (kjente) hurricanes i perioden 1492-1996
for heile det amerikanske kontinent med meir enn 25 døde. Eg fjerna alle
som ikkje omfatta delvis USA og alle før 1900 (for å få sammenlignbare
tall). Då hadde eg 60 igjen som fordeler seg slik:
                antall hurricanes antall døde
1900-1919 19 14665
1920-1939 11 5558
1940-1959 13 2784
1960-1979 10 3209
1980-1996 7 1575

Tala på antall døde er delvis estimater og omfattar også dødsfall utanfor
USA når det gjeld hurricanes som berre delvis ramma USA. Desse tala er ikkje

direkte sammenlignbare. Likevel ser ein klart ein synkande tendens som eg
trur kjem av bedre sikringstiltak.

I Latinamerika er det heilt andre tal på omkomne, men dette skyldast
etter mi meining ikkje dårligare klima, men meir folk, dårligare/ingen
sikringstiltak, dårligare bustader og lokale inngrep i naturen.

** end of statistics...

<klipp>

Du spør etter poenget mitt. No har ikkje alltid eg eit poeng med
det eg skriv og seier.. Men eg meiner at argumentasjon bør være korrekt
og redelig. Målet heilaggjer ikkje middelet for meg. Eg er heilt enig i at
vi skal redusere utslepp av CO2 og metan kraftig for å unngå sterkare
drivhuseffekt. Men det er eit falskt og kunstig argument å bruke tilfeldige
værendringar på Vestlandet, eller ein syklon i Mosambic. Dersom ein ønskjer
å bruke statistikk som argument må ein faktisk vente til ein har ein
statistisk signifikant periode som grunnlag. Og då er det kanskje for
seint..
Derfor synest eg at slik argumentasjon skal Dagbladet få ha i fred. Ein må
faktisk argumentere ut frå kva som kan skje (og gjerne bruke aktuelle
katastrofer som eksempel) og ikkje ut frå kva som har skjedd.

>> Sidan eg sikkert kjem til å pådra meg ein del sinte svar på denne mailen
>> likevel, kan eg avslutte med noko som sikkert kjem til å provosere enda
>> fleire: Kan nokon forklare meg kvifor det er miljøvenlig og bra å bygge
ein
>> haug stygge og bråkete vindmøller langs kysten, mens det er miljøfientleg
å
>> byggje ut vasskraft i Gaular, Saltfjellet, Breheimen og Øvre Otta?

>Eg for min del let meg ikkje provosere av tåketale og uvit. Det skulle
>vera elementært at vindmøller, solceller, bølgjekraftanlegg osb.
>representerer mindre inngrep i naturmiljøet enn regulering av vassdrag.
>Det har med biologi å gjera, og eg hoppar over det. (Eg vaks opp i
<område med intens vasskraftutbyggjing på 50-, 60, og 70-talet, og trong
>ikkje kunnskapar i (mikro)biologi for å forstå at dette hadde stor
>innverknad på naturmiljøet).

Sjølv er eg frå ein del av landet som har forholdsvis lite utbygd.
I Sogn og Fjordane er ca. 40% av det økonimiske potensialet utbygd.
Eg innser sjølvsagt at ei utbyggjing har konsekvensar, men eg meiner
dagens (80- og 90-talets) utbyggjingskrav med minstevassføring o.l.
har langt mindre konsekvensar enn tilsvarande vindmølleparkar (støy).
Når det gjeld solceller vil areala som desse båndlegg gjere at det er
lite aktuelt unntatt i verdsrommet og i ørkenområder.

>Når det gjeld spørsmålet om energiproduksjon og -bruk, kjem ein ikkje
>utanom fornybare energikjelder og energisparing. Same korleis ein snur
>og vender på det, vil ein måtta leggje om energiproduksjonen og redusere
>energibruken i framtida. Dette er både eit personleg ansvar, eit
>nasjonalt og eit internasjonalt spørsmål.

Akkurat. Derfor bør vi byggje ut meir fornybare energikjelder, også for
eksport til Europa. Sjølv om vi reduserer bruken av energi kraftig her
til lands er det langt igjen før Europa er 100% forsynt med fornybare
energikjelder.

>Særleg folk på "venstresida" skulle ta dette alvorleg, for det blir noko
>holt om ein slår om seg med klåre og skarpe standpunkt utan å fylgja det
>opp i praksis. Og praksis byrjar som kjent med ein sjølv.

Motstanden mot vasskraft har ein sterk historisk tradisjon i Noreg på
venstresida og i miljørørsla. Dette trur eg det no er på tide å ta opp
til revisjon, sjølv om det klart må være underordna det å redusere
energibruken.

Ottar Birkeland



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:28 MET