RE: Hxyttenkning om "Avis X"

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Tue, 14 May 1996 09:10:38 +-200

Trond Andresen har ofte interessante idear, og eg synest avis-prosjektet høyrest spennande ut. Som han sjølv skriv, står det att ein god del arbeid med vedtekter, avtalar m.m., og dette må diskuterast grundig først. F.eks. vil somme kanskje meine at modellen minner litt om partiet RV, der ein av samarbeidspartnarane har bukta og minst ein av endane?

Venstresida har "god" tradisjon for å krangle innbyrdes, og det er lett nok å peike på konfliktar som kan rive prosjektet i fillebitar. Kanskje kan eit samarbeid med "sentrum", dvs. med bønder og arbeidarar som har færre (og andre) ideologiske kjepphestar, kunne dempe gemyttane? EU-kampanjen viste at sentrum-venstre kan samarbeide om eit felles mål, dersom målet er så viktig at det overskuggar dei indre motsetnadene i koalisjonen.

Det som har hendt etter EU-kampanjen, viser også at dette samarbeidet _må_ vidareførast. Så lenge opposisjonen ligg nede eller er splitta, har Brundtland og resten av ja-sida fritt spelerom til å tilpasse oss til EU. Om dei vil, kan dei ta opp att medlemskapsspørsmålet alt i 1998.

Skal vi kunne stoppe dette, må nei-sida sjå alvoret og ta til å samarbeide att. Eit felles avisprosjekt kan vere ein viktig del av eit slikt samarbeid, men det vil neppe fungere dersom partnarane står kvast mot kvarandre på andre område. Partileiarar som av ulike grunnar vil ha "EU-pause" eller prioriterer eiga partibygging, vil lett kunne sabotere det heile.

Eg håpar det kan bli ein fruktbar diskusjon om dette, sjølvsagt her i KK-forum, men langt vidare enn det!

Lars Staurset