Lund og Schengen

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Tue, 14 May 1996 09:21:21 +-200

For å smi medan Lund-rapporten er varm, er det viktig no å få ut informasjon om kva verknader Schengen-tilknytinga vil få på overvaking og registrering. KK har hatt eit par kommentarartiklar om dette, men dei er i tynnaste laget. (Eg veit rett nok ikkje kva som stod i laurdagsavisa, for den fekk eg ikkje.)

Sjølv prøver eg å skrive eit avisinnlegg om saka, men eg synest det er vanskeleg å finne slik informasjon. Schengen-avtalen er nokså diffus somme stader, og for ein ikkje-jurist er det litt av ei utfordring å forstå kva formuleringane betyr i praksis. Dessutan trengst det dokumentasjon på korleis systemet faktisk verkar. Finst det?

I Nei til EU sin skriftserie nr. 3/95 går Thomas Mathiesen gjennom desse problemstillingane og reiser ein del gode spørsmål og spekulasjonar. Det er bra, så langt det rekk. Men veit vi noko meir konkret no enn Mathiesen visste på det tidspunktet? Kva betyr i praksis "discreet surveillance", som det står om i Schengen-avtalen, og kva skal til for å komme under slik overvaking? Finst det eksempel på at Schengen-systemet overvakar venstresida, slik at vi kan knyte det direkte til Lund-rapporten?

Blir persondata frå innanlands overvaking, la oss seie av streikande franskmenn, spreidde til andre land gjennom Schengen-institusjonane? Korleis vil det gå med den norske personregisterlova, som har strenge reglar for opplysningar om politisk og religiøs overtyding og seksuell legning? I Europol har det vore forslag om å registrere slike opplysningar. Korleis verkar det inn på Schengen, og Noreg?

Dersom nokon veit meir om dette, er eg takksam for svar, via KK-forum eller direkte.

Lars Staurset, nestleiar i Møre og Romsdal NTEU

P.S. Ein spekulasjon: Brundtland og Jagland kvir seg for å be om orsaking for det som Lund-kommisjonen har avdekt. Dette ser litt merkeleg ut, sidan dei truleg ikkje har hatt fingrane borti sakene sjølve, og derfor ikkje har noko personleg å tape på ei orsaking. Kan forklåringa vere at dei ikkje har tenkt å slutte med overvakinga, men tvert om sette ho inn i eit større, europeisk system?