Ytringsfridom

Finn Sindre Eliassen (finn@bethani.alesund.fylkesbibl.no)
Tue, 18 Feb 1997 10:46:44 +0100 (MET)

Eg har lyst til å kommentere Ronny Selbæk Myhre sitt åtak på Magnus
Marsdal og Jan Myrdal. Skal rasistar ha rett til å ytre seg eller møtast
med politi og påtalemakt?

Spørsmålet er kva type samfunn vi arbeider for om vi brukar lovparagrafar
mot rasistane og ikkje argument. Særleg prega av tru på fornuften er
vel ikkje ein slik praksis.

Selbæk prøvar lage seg ein liten demonisk, utriveleg Myrdal som han vinn
over på walkover. Ein slags halvnazist som forsvarar urett kvar det skal
vere og den såkalla ytringsfridomen for rasistar. Karl Emil Hagelund
gjorde noko liknande i Dagbladet for eit par tre år sidan med Noam
Chomsky. Selbæk røpar at han
ikkje har lese Myrdal grundig. Han røpar vidare at han ikkje kjenner Marx.
Og heller ikkje fornuftstradisjonen frå opplysningstida som Myrdal, Marx
og Chomsky for den sak skuld, byggjer på.

Sidan Selbæk tydelegvis er på Internett kan han surfe seg fram til Milton
pages og lese pamfletten Areopagitica av John Milton frå 1640-talet. Ein
tale Milton heldt i Parlamentet i England. I pamfletten argumenterte han
for prentefridom. Han fekk ikkje oppleve det. Men argumenta han nytta kan
vi i vår tid lese og lære av.

Mange er for ytringsfridom. Mange er mot dødsstraff. Men når vi kjem inn
på konkrete saker, tynnest det i rekkjene.

Eg er ikkje for ytringsfridom også for rasistar fordi eg er snill. Eg vil
at argument skal avgjere, ikkje politi og påtalemakt. I dette ligg også ei
tru på menneska som vi ikkje kan vere utan.

Det er ikkje slik at tankane som Milton formulerte om prente- og
ytringsfridom er avlegse. Eller at tankane som Beccaria formulerte om
humane straffer 100 år seinare er avlegse i. Eg ser det slik at
prinsippa om ytringsfridom, organisasjonsfridom og andre menneskerettar
som eit borgarskap på veg opp forma i skarp klassekamp mot aristkratiet
for 2-300 år sidan no kan brukast mot den klassen som som skapte dei; mot
eit borgarskap som ikkje lenger har nokon progressiv funksjon.

Om Myhre trur at dette er prinsipp som er avlegs, så tek han feil.

Finn Sindre Eliassen