Re: Debatt form og innhald

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 28 Oct 1997 00:10:03 +0100

Anders Ekeland (AE) skreiv i sitt svar til meg i samband med "Debatt form
og innhald" følgjande:

"Jeg kan ikke se annet enn at du bekrefter min (og andres) påstand om at en
alltid viker unna en reel diskusjon om utviklinga i Sovjet.
............................. Men du må kunne ta stilling til hvilke
klasseinteresser han (Stalin, min merknad) representerte, om du i hovedsak
ville ha støttet Stalin eller Trotskij i striden - eller ingen av dem slik
som mange anarkister."

Dette er eit interessant utsegn på meir enn ein måte, men før eg går vidare
på dette vil eg minne om spørsmålet eg svarte på frå AE, sitat:
"Regner du Stalin som en hersker på linje med Bresjnev eller regner du ham
som en marxist med store feil?"

Mitt svar i forkorta versjon var følgjande:
"Denne % delinga av godt og dårleg vart for meg etterkvart berre tom
demagogi - og eg slutta interessere meg for Stalin som ideolog.

For meg er Stalin i dag ein viktig historisk person, ein som har hatt svært
mykje å sei for utviklinga av den Sovjetiske staten. For min eigen del har
eg via mi interesse og merksemd til andre fagfelt og prioriterte oppgåve,
enn å studera og skaffe meg kunnskap om alle Stalin sine feil og overgrep."

AE kommer da med følgjande konklusjon på dette:
"Jeg kan ikke se annet enn at du bekrefter min (og andres) påstand om at en
alltid viker unna en reel diskusjon om utviklinga i Sovjet."

Eg veit ikkje kva slags svar AE hadde håpa på, men tydeleg vis passa ikkje
mitt svar inn i hans forestillingar. Når han skal vurdere mitt svar maktar
han ikkje, eller vil han ikkje halda seg til sitt eige spørsmål - og vert
då ikkje nøgd med svaret. Eg vil minne om at denne debatten spring ut frå
mitt innlegg "Debatt form og innhald" den 23. oktober, der eg mellom anna
skriv følgjande:

"Aller er tent med ei objektiv forståing av historia, alle er tent med at
sanninga kjem på bordet, alle er tent med å justera sine standpunkt ut frå
ny kunnskap og lærdom."

AE får med andre ord prova, mellom anna gjennom at eg ikkje svarer på
spørsmål han ikkje har retta til meg, "at en alltid viker unna en reel
diskusjon om utviklinga i Sovjet". Dette er jaggu ein skarpskodd
observasjon. Derfor må eg spørja Anders, korleis fekk du det til? Kva slags
oversanselege evner er du utstyrt med, som kan trekka ein konklusjon ut frå
noko du aldri har spurt meg om? Å sei at eg er imponert er langt frå
dekkjande!

Så attende til kvifor svaret vart interessant på meir enn ein måte. Anders
nyttar seg her av den same debatteknikken, som det eg åtvara mot i mitt
fyrste innlegg, der eg viste til Einar Gerhardsen sin tale i Kråkerøy den
29. februar 1948. Anders kjem her med ein påstand, utan grunngjeving, men
framsett som ei objektiv sanning, slik: " Men du må kunne ta stilling til
hvilke ......" Dersom eg ikkje gjer det er eg med andre ord ikkje
truverdig, eller eg slær lag med "mange anarkistar" - underforstått ikkje
særleg god allianse det heller. Anders vel i tillegg å forsterke dette
utsegnet ved å komme med nok ein påstand utan grunngjeving, sitat:

"Et revolusjonært parti i dag må ha en klar analyse av hva som gikk galt i
Sovjet og Kina. Uten det kommer vi ingen vei."

Einar Gerhardsen sa det slik, for å trekka ei samanlikning mellom
argumentforma:
"Det som kan true det norske folkets frihet og demokrati - det er den fare
som det norske kommunistparti til enhver tid representerer."
Ein påstått fare utan argumentering og grunngjeving, framsett som ei
objektiv sanning. Forsterka med dette halehenget, sitat:
"Den viktigste oppgaven i kampen for Norges selvstendighet, for demokratiet
og rettssikkerhet er å redusere kommunistpartiet og kommunistenes
innflytelse mest mulig."

Dette er, mildt sagt, å visa ringakt for sanninga. Det er ikkje å føra
dialog, eller debatt - det er verbal krigføring, fundamentert på dogmatiske
førestellingar om kva slags oppfatningar og standpunkt motstandaren har.
Ein tillegg motstandaren synspunkt, fritt etter eigen fantasi, som
objektive sanningar, og trekker deretter fritt sine eigne konklusjonar.

Dersom Anders Ekeland oppriktig var interessert i mine og andres synspunkt,
oppriktig interessert i dialog og sanning, hadde han framført sine
motargument mot synspunkt eg og andre hadde gjeve utrykk for og som han
ikkje var samd i. Dersom han (AE) oppriktig ynskte dialog hadde han stilt
opne spørsmål knytt til det han meinte var uklart - framfor å projisere
sine forestillingar over på meg og andre.

Derfor Anders Ekeland vert denne forma for debatt heilt uinteressant for
meg, eg set verdien på mi tid høgare enn som så. Verbal ordkrig, påstandar
utan grunngjeving etc. fører ikkje fram til objektiv forståing korkje av
Stalin, Trotskij, Sovjet, Kina eller noko anna!

Derfor, kjære ven, vert konklusjonen din om at: "Et revolusjonært parti i
dag må ha en klar analyse av hva som gikk galt i Sovjet og Kina. Uten det
kommer vi ingen vei." - ein innhaldslaus tom floskel!

MHH Olve Steinset

At 15:38 25.10.97 +0200, Anders Ekeland wrote:
>Olve,
>
>Dette begynte bra og sjølbiografisk, men ender opp i vagheter når det
>gjelder Stalin. Jeg kan ikke se annet enn at du bekrefter min (og andres)
>påstand om at en alltid viker unna en reel diskusjon om utviklinga i Sovjet.
>
>>For meg er Stalin i dag ein viktig historisk person, ein som har hatt svært
>>mykje å sei for utviklinga av den Sovjetiske staten. For min eigen del har
>>eg via mi interesse og merksemd til andre fagfelt og prioriterte oppgåve,
>>enn å studera og skaffe meg kunnskap om alle Stalin sine feil og overgrep.
>
>Det er klart Stalin er en viktig historisk person. Men du må kunne ta
>stilling til hvilke klasseinteresser han representerte, om du i hovedsak
>ville ha støttet Stalin eller Trotskij i striden - eller ingen av dem slik
>som mange anarkister.
>
>Et revolusjonært parti i dag må ha en klar analyse av hva som gikk galt i
>Sovjet og Kina. Uten det kommer vi ingen vei.
>
>Vh
>Anders Ekeland
>
>