RE:_Opprop=2C_grøftegraving_og_skitkasting

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 2 Oct 1997 08:04:57 +0200

Svar til Olve Steinset, som m.a. skriv:
> Kva du legg i uavhengig veit eg ikkje - du
> definerer det ikkje sjølv heller. Slik du har formulert deg vert det lett å
> bli leda til å tru at du meinar ei avis som ikkje tek politisk stilling. Om
> du meinar det, er eg djupt usamd med deg - eg vil ha ei avis tufta på den
> formålsparagraf avisa i dag har. Eg vil sette pris på om du kunne definere
> klårare kva du meinar med "uavhengig" i denne samanhengen.

Eg har ingen nøyaktig definisjon av dette ordet, men her er eit viktig
poeng: Ei avis må ha rom for å kritisere eigarane sine, enten dei heiter
Orkla eller AKP. Dersom eigarane skal vere heva over kritikk, blir avisa
forutseieleg, kjedeleg og upåliteleg. (Tenk om f.eks. Forbrukarrapporten
hadde bindingar til eit bestemt støvsugarmerke, og aldri skreiv negativt
om det. Kven ville bry seg om å lese eit slikt blad?)

"Uavhengig" hindrar likevel ikkje at avisa er forankra i eit grunnsyn.
I KK er dette uttrykt gjennom ein formålsparagraf som inneheld orda
"revolusjonært" og "sosialistisk". Etter tjue år med høgrebølgje i
samfunnet må det vere ei stor utfordring å drive med eit slikt formål.
Den noverande redaksjonen, medrekna "dette samfunnet må styrtast"-Helgheim,
ser ut til å ha gjeve det opp. Om ein annan redaktør kan greie det, veit
ingen. Mykje avheng av måten striden blir løyst på: maktbruk eller
samarbeid?

> Resten av innlegget ditt meinar eg bærer preg av at du ikkje vil akseptera
> den politiske skilnaden som er, det er din rett.

Ulike meiningar må vi leve med, og vi bør ikkje berre sjå dei som eit
problem, men også som ein styrke. For å overleve, må KK ha lesarar og
støttespelarar frå ein langt større del av venstresida enn dei som kallar
seg revolusjonære. Då er det kanskje ikkje så dumt om fleire syn også er
representerte i redaksjonen?

> For meg, og svært mange
> andre, dreiar dette seg om å få behalde ei avis der redaktør og avisas
> tilsette er tru mot og lojal til avisas eigen formålsparagraf, korkje meir
> eller mindre.

Kva betyr "tru mot og lojal til"? Slike ord får meg til å tenkje på ein
hund som lograr for herren sin. Ei slik avis vil ikkje eg ha, og eg håpar
du legg noko anna i desse orda.

> I høve til dette er ikkje eg viljug til å inngå nokon form
> for kompromiss. Skulle eg havne hjå dei, som til sjuande og sist må
> erkjenne eit tap - vel, då står eg ovanfor eit anna faktum eg der og då må
> forhalde meg til.

Her har vi nok ulike meiningar. KK har for meg vore ei viktig og uunnverleg
avis også under Bjerke. Eg håpar ho kan bli endå betre, men (sett på
spissen): dersom "undertøysmesse i Paris" trengst for å tekkast andre
lesargrupper, toler eg å bla forbi slike artiklar for å finne det viktige
stoffet. Å miste KK er mykje verre!

Likevel er det ikkje berre avisa Klassekampen som står på spel her. Den
harde tonen i denne debatten minner om dei ideologiske kampane på
venstresida i syttiåra. Heilt fram til EU-kampen starta rundt 1990, var
det svært vanskeleg å få til noko politisk samarbeid på tvers av
skillelinjene frå den gongen. Ein ny "isfront" no blir verre enn i
syttiåra, fordi venstresida generelt er mykje veikare.

Dersom KK bukkar under, vil mykje av energien dei neste åra gå med til å
krangle om kven som hadde skulda. Å berge avisa gjennom krisa vil derimot
vise at venstresida kan utrette noko, og vil vere eit slag mot dei på
høgresida som kosar seg over striden.

Lars Staurset