Re: Opprop, skittkasting osb...

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Thu, 02 Oct 1997 10:44:32 +0000

Berre ein kort komentar til Lars Staurset sitt innlegg:
Lars seier:
(sett på spissen): dersom "undertøysmesse i Paris" trengst for å tekkast
andre lesargrupper, toler eg å bla forbi slike artiklar for å finne det
viktige stoffet. Å miste KK er mykje verre!

Dette bygger på tanken om at dei redaksjonelle endringane i
stofftilfanget som har vorte gjort dei siste åra, med tanke om å kapra
nye lesargrupper for avisa og dermed redda ho økonomisk, har fungert.
M.a.o. at Allern/Bjerke og Nærstad sitt prosjekt verker i praksis. No er
eg i utgangspunktet noko usamd med grunntanken i strategien, men la det
vera: det viktigaste er at det ikkje verker! Opplagstala har jo gått
kraftig ned, det strømmer jo ikkje på med "andre lesargrupper". Tvert
om, så er det største problemet at desse prioriteringane gjer at "gamle"
lesargrupper går lei, og mister trua på avisa. Og det, Lars, tyder at vi
i praksis mister KK, om avisa fortsetter etter same line frametter. Det
er trass i alt grenser for kor lenge ein kan sykla på vatnet når dei som
skal halda sykkelen over vatnet går lei. (Det gjeld både redaksjonen og
aktivistane)

Vh
Pål Hellesnes