Re: RV og KK-tsriden

David_T._Sørmark (david@feskar.net)
Thu, 25 Sep 1997 14:05:53 +0000

Tranøy skriv:

<Til slutt: Ledende kretser i AKP (og RV) har kjørt et rått løp mot de
ansatte i avisa. De fullstendig driter i hva folka i avisa synes og
mener.>

Vel. Redaksjonen i Klassekampen har jo køyrt eit rått løp mot all
kritikken som har komi mot KK dei siste åra. Trass i førespurnader om
bidrag, nyhendetips, sal av avisa, verving av abonnentar,
utdelingskampanjer og meir, har redaksjonen nesten ikkje kommentert
kritikken. I staden har den redaksjonelle lina berre vorte verre.
Redaksjonen drit i dei som kritiserar avisa, anten dei er med i SV
eller AKP. Redaksjonen drit i føremålsparagrafen. KK er IKKJE ei
avis for REDAKSJONEN, men for FOLK!

Dette handlar IKKJE om at AKP vil ha tilbake "partiavisa si". Dette
handlar om at KK skal bli ei avis for aktivistar, for politisk
aktive, for vanlege folk, ei avis som tek opp spørsmål som folk bryr
seg om. Det er mykje bra i KK i dag, men det er mykje som kan bli
betre. Difor må målgruppa for KK IKKJE vere høgskulelektorar,
professorar og kunstnarar, men "den vanlege kvinne og mann i gata".
Og då er det ein del ting som må bort, og ein del ting som må inn.

Når kritikken frå grasrota, frå aktivistmiljøet, dei progressive frontane og
dei sosialistiske partia er så stor, då er det på tide å stoppe med
sutringa, og gjera noko med avisa.

Jau!

~david t. sørmark