Dag & Tid med mobbing

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 25 Sep 1997 14:34:22 +0200

I dagens utgåve av Dag og Tid er underskrivarane av måloppropet for
Klassekampen (KK sist laurdag) hengt
ut for å vera reidskapar i eit AKP-kupp (den visa kjenner me jo att frå
andre aviser - KK til dømes).
I forlenginga av detta har Dag og Tid gjort koplinga AKP - NMU (Norsk
Målungdom) - på leidarplass, og dessutan
insinuert at me som stod på dette oppropet vil øydeleggja Dag og Tid etter
at me hadde gjort oss ferdige
med Klassekampen.

Dette er altso i ein leidarteig.

Jaja. Eg talde til 200 etter å ha lese leidarteigen, men etter denne
teljinga var eg framleis LIKE LITE OVERRASKA.
Ikkje særleg sint, eg har jo lese både KK og Dag og Tid i årevis.

Dette er venstresida folkens!

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41