Innlegg frå Hans O. Brendberg

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Sun, 21 Sep 1997 21:51:32 +0200

Gode vener - eg har fått kritikk for å ha sendt ut eit innlegg på vegner av
Hans Olav Brendberg som vedlegg i Word.
Kritikken var rettkome, og eg sender difor innlegget på nytt - og denne
gongen innhenta i e-postprogrammet.

SPØRSMÅL TIL SIGURD ALLERN

Gjennom styrevedtaket natt til laurdag forsvann det akutte trugsmålet mot
framtida til Klassekampen, og båe partar fortener ros for å kome fram til
eit kompromiss som gjev tid til å hanka inn situasjonen. Mykje rart skjedde
i veka fram til dette vedtaket, og sjølv om eg til dels er særs forbanna på
ein del av dette, trur eg det er tid for å leggja ting bak seg.

Likevel meiner eg det ligg ein ting her som har offentleg interesse. Medan
striden kring avisa var mest akutt, deltok Sigurd Allern særs aktivt i
medieordskiftet. Eg tek det for gjeve at han gjorde dette ut frå eit ekte og
ærleg engasjement i den konkrete striden som stod. Difor vonar eg Allern vil
svara på desse to spørsmåla, då eg trur Allern sitt syn her har offentleg
interesse:

1. Kva meiner Allern prinsippielt om eit styre sine rettar når det gjeld
tilsetjing og avsetjing av redaktørar. Dette er jo eit kjernepunkt når det
gjeld tilhøvet mellom eigarar og tilsett redaksjon i medieverda, og som
mediaforskar med makttilhøve i mediaverda som spesialdisiplin vil eg tru
Allern her kan uttala seg med ei viss tyngd.
2. Klubben på Klassekampen gjorde fredag eit aksjonsvedtak med desse punkta:

"I tillegg til kravet om at Michelet ikke måtte bli ansatt som ny redaktør,
krevde klubben at styreleder Rolv Rynning Hanssen måtte gå av. Dessuten
forutsatte klubben at styreflertallet står ved beslutningen om at
Klassekampens majori- tetseier, AKP, skal redusere sin eierandel til under
50 prosent og at avisen skal drives etter redaktørplakaten og være
partipolitisk uavhengig.

Det er en forutsetning at alle fire punktene blir vedtatt. Hvis ikke vil
redaksjons- klubben i Klassekampen fra førstkommende søndag opprette en
midlertidig kollektiv ledelse i avisen, het det i klubbens krav til styremøtet."

(Sitert etter Aftenposten interaktiv 19/9, som presenterte saka under
overskrifta
Journalistene i Klassekampen vil kuppe avisen).

Meiner Allern at slike vedtak bør forsvarast, og i tilfelle på kva
grunnlag?

Allern opptrer som offentleg debattant med autoritet både som medieforskar,
tidlegare redaktør, kjennar av AKP frå innsida og meir til. I utgangspunktet
ser eg ikkje noko galei å blanda alt dette i ei rolle. Men eg vonar Allern
gjennom å svara på desse spørsmåla kan bidra til at grunnlaget for hans
personlege engasjement kjem tydelegare fram.

Dersom Sigurd Allern mot formodning ikkje ynskjer å svara konkret på dette,
bed eg folk om å tenkja gjennom kva det i tilfelle tyder.

Hans Olav Brendberg
Sørburøy

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41