Innlegg frå Hans O. Brendberg

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Sun, 21 Sep 1997 21:47:58 +0200

Innlegget nedanfor sender eg på vegner av Line Brendberg (ikkje kopla på
nettet). Det er ogso sendt som lesarinnlegg til KK.

TROLLET UT OR ESKA.

Den paniske framferda til klubben i KK-striden og applausen frå delar av
norsk "venstre- side" og makthavarane sine media, får meg til å frysa på
ryggen no når alt byrjar roa seg ned og eg sit og ser attende. No er eg
alvorleg redd for heilskapen av alle dei små delane eg har småirritert meg
over i lang tid, men aldri lagt so mykje brett på som eg burde. Kva slag
irritasjonar? Lat meg lista opp eit utval i kortformulert og skjematisk
form: Dei som driv Klassekampen har vore sjølvsentrerte og aktivt
uinteresserte i mykje av det som ligg utanfor deira eige røynslefelt.
Korleis har dette synt seg?

· Tilskipingar og diskusjonar som går føre seg i organisasjonslivet innanfor
den vide krinsen av dei som alltid har støtta opp ikring KK har etter det
som har blitt sagt oss hatt null verdi som stoff i avisa.
· Det har vore frykteleg høg terskel for å få inn stoff frå andre stader enn
Oslo-gryta.
· Ved tilsetjingar har avisa ikkje freista fylla dei store hola i kunnskaps-
og interessefelt i redaksjonen som er vortne påvist og klaga på gong etter gong.

Dei same har utvikla ein uvane med å avvisa kritiske røyster med middel som
må kallast sensur. Med det meiner eg mellom anna:

· Når folk i distrikta tilbyr seg å senda inn stoff dei tykkjer det er for
lite av, blir dei bitne av og stoffet lagt til side, anten det er samesak,
distriktsnæringar eller kultur utanom moteretningane hjå kulturløvone.
· Dagsaktuelle debattinnlegg som går mot synet til redaksjonen blir
liggjande i skuffa i vekor og månader til brodden garantert er borte.
· Lesarinnlegg som går dei i møte blir somtid ikkje trykte, utan at det er
råd å få ei grunngjeving for det. (Sjølv har eg venta i ni månader på eit
lova svar frå redaktøren som nyleg gjekk, men barnet vart aldri fødd.)

Lukkinga av miljøet har gjort at dei ikkje ser verdi i andre menneske enn
seg sjølve, og ikkje har grensor for kor respektlaust dei kan omtala og
handsama "skuggeverda utanfor".

· Merkelappar som "forstokka", "uinteressant", "pappskalle" og meire til får
passera som realistisk skildring av alle som hevar røyst mot dei, når dei då
ikkje vel å igno- rera alt utanom sin private omgangskrins og deira talerøyr
i kulturlivet.
· Det eg fyrst og fremst har reagert på i mykje av kulturstoffet, er den
sjølvdyrkande vinklinga av tema som er interessante nok. Måten
teoriordskifta blir dryft på kan berre ha til hensikt å syna glimt av kva
eliten syslar med, som i ein himmelsk visjon der kjøthovuda (i.e. alle
andre) måpande skal sjå på kva det går an å boltra seg kunstnarleg og
sjølvironisk med. Dersom ein ynskte å nå ut til andre, kunne vinklingar som
oppmuntra folk til å skaffa seg meir kunnskap, reflektera over kunnskapen og
handla ut frå innsikta vera meir fruktbare.

Det som får meg til å krympa meg, er eit hylekor som hyklar omsut for
ytringsfridomen medan dei sjølve kneblar andre i delen av det offentlege
rommet dei har makt over, og som hyklar forsvar for dei svake medan dei
rettar skjellsord og falske skuldingar mot einskildpersonar og gruppor av
folk som ikkje har det offentlege talerøyret dei sjølve har.

Det som forbløffar meg, er hyklinga av ei opposisjons- og martyrrolla
samstundes som dei går til strid med makttoppen sine media,
underhaldningsarbeidarar og kaferadikalar-kjendisar i ryggen. (Har dei aldri
stoppa opp og tenkt over korfor borgarskapet plutseleg omfamnar varmt dei
moderne "samfunnsstormarane" og "nytenkjarane"?)

Det som opprører meg kraftig er korleis dei, oppmuntra av sin eigen moralske
indigna- sjon og støtte frå eigne rekkjor, forsvarar muren sin mot omverda i
panisk strid mot undermenneska og folkedriten dei skimtar der ute.

Det som skremmer meg over all måte, er mynsteret som kjem fram av alle desse
enkeltdelane, og som teiknar eit samfunns- og menneskesyn som ikkje høyrer
heime i eit politisk prosjekt for framtida. Eg kan ikkje sjå for meg at KK
kan bli styrt av grupperingar med farlegare sjølvbilete og verdsbilete enn
dette med det fyrste, sjølv om eg ikkje ser noka sjølvsagd kjerna for ei
politisk sunn venstresida med stor vokstervon i desse dagar.

Line Brendberg
Sørburøy

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41