Politikk og formalitetar

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Sun, 21 Sep 1997 13:37:27 +0200

Anders Ekeland tek eit harmdirrande oppgjer med eit av dei tidlegare
innlegga mine om KK striden. Eg skal visstnok

"...høres ut som en sneversynt, arbeiderfiendtlig bedriftsleder med en
horisont fra barskapet til garasjen. Du burde
skamme deg !! Ta rev i seila!! Skjerp deg!! Det er typen tenkning som
fører til tvangskollektivisering og "Det store
spranget framover" Lær av historien!! Det er aldri for seint å snu!!"

Kanskje burde eg vera glad for at eg ikkje ogso fekk andsvaret for Holocaust
- men eigenleg meiner eg denne diskusjons-stilen
er djupt forstemmande. Er det berre for meg det er ein tankekross at Ekeland
som er den store tilhengjar av ei romsleg
redaksjonell line (og her forstår eg på Ekeland at me andre ikkje er fullt
so patente demokratar) er den som har fingranska hjarta og
hjerne på motdebattantar, sit med den store fasiten og kan skilja mellom
levande og daude (dei daude får klår påskrift om at dei har
fundamentalt gale klassestandpunkt). Eg er neppe åleine om å nekte å læra av
historia slik Anders Ekeland føreskriv det på
sitt moralistisk uthengjande vis, kanskje er dette fordi eg tilfeldigvis er
historikar og difor veit litt betre enn å koma
med skjematiske slagord om å læra av histora?

Den viktigaste formaninga til Ekeland er at eg skal gripa det an meir
politisk og ikkje formelt. Det er forsovidt eit greidt
utgangspunkt, men eg meiner det ikkje er særleg godt som innvending i dette
tilfellet fordi:

a) det faktisk finst eit sett spelereglar for korleis avisa skal opptre
(redaksjonell line) og for korleis denne lina eventuelt kan endrast.
Eg fylgjer Trond Andresen heilt ut i resonnementet hans om at det er
tvilsamt å setja desse reglane til sides til fordel for nye midt under
spelet berre fordi ein held på å tapa og fordi ein ikkje likar vinnarane. I
dette tilfellet meiner jo eg at vinnarane ogso finst LANGT
utanfor AKP sine rekkjer.

b) spørsmålet har vorte gripe politisk i form kritikk av den redaksjonelle
lina. Dette har prella av som vatn på gåsa. Og det har som
konstruktive idear og tilbod om å hjelpa til for avisa - dette har i stor
grad vorte oversett.

Redaktøren og redaksjonen (m/vener) har tydeleg trudd at dei hadde
eigedomsrett til denne avisa. Når kritikk, innvendingar og konstruktive
framlegg ikkje har nokon funksjon er det berre ein framgangsveg som står att
- det er å pukka på formalitetar om at det er eigarane
v/styret som skal styra. Dersom redaksjoneN hadde vore audmjuk og lydande
til venene av avisa, hadde ei slik aksjonsline vore eit hårreisande
overgrep, MEN DEI HAR IKKJE VORE DET. Då har dette vore den einaste mogelege
framvegen.

Det er kanhenda den snevre horisonten min (frå barskapet til garasjen
ifylgje Ekeland) som gjer at eg tenkjer på dette autoritære og arbeidar-
fiendslege viset. Til liks med andre har eg presisert at eg ikkje ynskjer KK
som noko partiflygeblad for AKP eller for RV (eg røysta ikkje RV
sjølv eingong, so eg kan vel vanskeleg kallast ein partikanin) - difor orkar
eg ikkje eingong svara på Ekeland sine retoriske spørsmål der han meir enn
ymtar om at eg meiner avisa skal vera AKP-styrt.

På den andre sida er eg glad for at AKP ikkje til no har selt seg ned til
langt under 50%. Då er det store sjansar for at avisa alt hadde vore tapt.
Kanskje tek eg i miss her, men det er jo i alle fall ikkje avgjerande.

Eg ser det slik at AKP i denne saka ogso har ivareteke mine interesser. Er
eg den einaste som meiner at det er foreinleg med eit standpunkt om at KK
ikkje skal vera eit flygeblad for sentralatyret i AKP? Anten bakgrunnen er
vitjinga i barskapet, den arbeidarfiendslege haldninga mi eller kva det no
måtte vera - eg skammar meg ikkje Ekeland - slik du krev.

Helsing (utan påhalden penn frå Bryn/Hellerud SUF)

Roar Madsen

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41