Re: Serbisk terror i Kosova

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 26 Mar 1999 14:19:29 GMT

Knut Rognes:

>Så vidt jeg forstår er det ikke NATOs strategi å sette inn bakkestyrker.
>Hvordan NATO da kan stanse den serbiske hæren f.eks. i Kosova er ikke klart
>for meg. Snarere er det grunn til vente en forsterket serbisk angrepslyst
>og ytterligere lidelser for kosovoalbanere. NATOs strategi er det hele
>ytterst uklar.
>Men jeg er rede til å bli overbevist hvis noen har gode argumenter.

Dette *er* eit problem, for den militære effekten av flyangrep er temmeleg
redusert i eit fjelland som Jugoslavia, jfr. tidlegare flyangrep i Bosnia.
Den politiske effekten av slike angrep blir såleis redusert tilsvarande.
Militært sett er det meiningslaust å avgrense seg til luftangrep om ein
verkeleg vil endre situasjonen. For å stoppe den serbiske aggresjonen
definitivt, trur eg det er nødvendig å setja inn bakkestyrker - vel utrusta
infanteri- og artilleriavdelingar. Det verkar ikkje som om Nato vurderer
dette enno. Dei politiske leiarane i Vesten er ikkje overtydde om at det
finst ein konsensus i dei involverte landa for ei slik linje. Sjølv på høgt
nivå er konsensusen ikkje så solid at det gjer noko. Dessutan vil ein slik
strategi nødvendigvis innebere tap og lidingar for alle dei krigførande
partar.

Strategien førebels går truleg ut på å skvise Milosevic attende til
forhandlingsbordet, for så å få i stand ein Dayton II avtale som inneber ei
deling av Kosovo. Strategien til serbarane går ut på å vinne tid og sikre
seg kontrollen over mest mogleg, for i forhandlingar seinare å kunne fire
litt utan å misse andlet.

Eg trur den sikraste strategien på lengre sikt ville vere først å drive dei
serbiske militære styrkane ut av Kosovo, avvæpne UCK og demilitarisere heile
området. Dette inneber ein relativt stor internasjonal fredsstyrke over
fleire år, men denne gongen med skikkeleg utstyr, og med eit klinkande klårt
mandat.

Oddmund Garvik