Re: Kommisjon, korrupsjon og reaksjon

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 17 Mar 1999 11:02:38 +0100

Karsten Vedel Johansen wrote:

> Min vurdering ut i fra hva jeg hører på BBC mm. (fra for flere dager siden)
> er at det er forholdsvis godt styrt. Totalstyrt er det selvfølgelig umulig
> å få det.

Saka starta, så vidt eg hugsar, med at ein revisor offentleggjorde ein
rapport om korrupsjon og pengar på avvegar. Sannsynlegvis er dette berre
ein liten del av det totale økonomi-rotet (for ikkje å bruke sterkare
ord) i EU-systemet. EU-parlamentet, som har lite makt og sjølv har mange
svin på skogen, har visse formelle rettar, og fann her grunn til å bruke
dei, kanskje for å styrke sin eigen posisjon.

I ein kamp mellom slike maktsentra er det vanskeleg å sjå noka
*styring*, dersom det ordet skal bety at nokon alt har bestemt utfallet
av kampen. Kven skulle i så fall det vere - ministerrådet, ERT,
Krupp/Thyssen?

Derimot er nok alle maktsentra samde om å ha ein viss *kontroll*, slik
at opprullinga ikkje går for langt og oppvasken ikkje blir for grundig.
Det som eventuelt kan skiple kontrollen, er den folkelege harmen over
det som går for seg. Her har media ei viktig rolle. Media er sjølvsagt
styrt av mektige eigarar, som kan ha sine eigne interesser i maktkampen,
men dei må samstundes oppretthalde eit visst truverde blant publikum.

Eg har ingen illusjonar om at denne saka vil føre til noko grundig
oppgjer med korrupsjonskulturen i EU, men visse justeringar og kanskje
litt meir openheit *kan* bli resultatet. Det er i så fall bra.

> Men du og flere andre har jo en "ikke-kontinental" mangel på
> kynisme som gjør det litt vanskelig å skjønne slike ting som den italienske
> "trasformismo" f.eks. Jeg vil minne om det glimrende sitatet fra Noam Chomsky
> som du selv viderebrakte.

Kynisme er nyttig for å forstå korleis kynikarar tenkjer, men fri og
bevare meg for å vere kynikar heile tida. Det finst trass alt lyspunkt i
verda. Kva er forresten "trasformismo"?

> Mener du (jeg gjentar spørsmålet): at USA er blitt mer "demokratisk" etter
> Watergate, sett i dagens lys?

Eg har verken tid eller kunnskapar til å svare grundig på det, men kort:
Oppvasken etter Watergate førte til meir openheit og til at
maktapparatet fekk visse hindringar i arbeidet sitt. Pressa vart også
meir kritisk, både der og her. Mykje av denne effekten er dessverre
blitt borte etter kvart, og Lewinsky-saka dei siste par åra er jo ein
slags farse over dette temaet. Oppvasken etter EU-korrupsjonen får neppe
like store konsekvensar, dessverre.

> Mener du at en sak som denne er en personsak?

Ikkje først og fremst (sjå ovafor), men saka handlar også om personar.
Også i dette sjiktet finst det gradar av personleg moral. Det enklaste
for EU vil jo vere å byte ut dei mest skandaliserte kommisjonærane med
nye folk, og ellers halde fram som før.

> Eller er det snarere som Trond A.
> skriver? Hvorfor vil denne sak sannsynligvis ende med økte illusjoner om EU
> blant vanlige nordmenn?

Så pessimistisk er ikkje eg, for eg meiner at dette er ein situasjon som
nei-sida må gripe. Når saka først er på dagsorden, må vi få fram at det
som er avslørt, berre er ein liten flik av problemet. Delar av ja-sida
synest også det er bra at dette kjem fram (iallfall sa dei det i går, og
vi må vel ta dei på ordet?).

> >Sannsynlegvis er det ein reell maktkamp som går for seg, der det såkalla
> >EU-parlamentet prøver å styrke posisjonen sin. Det betyr i neste omgang
> >meir føderalisme og overnasjonalitet.
>
> Jeg vet ikke hva det betyr at en maktesløs forsamling av folk som selv
> er småkorrupte over en lav sko "styrker sin posisjon". Det forutsetter at
> man tror at Montesqieus maktdelingslære er identisk med virkeligheten i
> senkapitalismen.

At ei (nesten) maktlaus forsamling prøver å skaffe seg meir makt, er vel
ikkje så vanskeleg å forstå? Det same har dei gjort ved tidlegare
korsvegar som Maastricht og Amsterdam.

Haider, Le Pen & co får kanskje vatn på mølla av
korrupsjonsavsløringane. Det er sjølvsagt ille. Endå verre blir det
dersom venstresida ikkje tek skikkeleg avstand frå forholda. Då vil det
sjå ut som om vi òg har noko å skjule. Vi bør heller gå i spissen for
avsløringar og oppvask, i samsvar med gode tradisjonar.

Lars Staurset
90 % kynikar