SVAR TIL ASGEIR BELL/AKP

Olav Randen (boksmia@online.no)
Fri, 5 Mar 1999 18:56:05 -0800

Asgeir Bell skriv: "Eit nytt prosjekt må ha eit klart og godt formål, eit
godt navn og kapitalkjelder. Du må løyse dei tre problema. Kan du ikkje gje
eit svar på det, så har du ikkje noko prosjekt."
Nei, eg har ikkje noko fullt ferdig prosjekt. Eg ser for meg eit klart og
godt formål, men har ikkje noko fullgodt namn og er usikker på
kapitalkjelder. Difor er eg altså, om vi skal følgje Bell, uskikka til
debatten om utforminga av Klassekampen eller NYAVIS: "Då må du som alle oss
andre ta fatt der vi står og går, selge avisa, ringe kjente og ukjente og be
om abonnement, skrive i ho" etc etc.
Kan hende eg set spørsmålet noko meir på spissen enn det er grunn til, men
slik eg tolkar Bell/AKP, står dei for ei tenking eg oppfattar som
udemokratisk og reaksjonær. Om at somme (spesialistane, tenkjarane,
planleggingsfirmaa i vanleg språkbruk) står for tenkinga og utforminga av
prosjekt. Og gjer ikkje vi andre som dei og legg fram fullstendige prosjekt
med klare og gode formål, namn og finansieringsplanar, bør vi halde fingrane
av fatet. Då er meldinga til oss: Du må´kke komme her å komme her.

Tenk attende, Bell, til då Klassekampen vart starta eller då avisa tok
spranget frå vekeavis til dagsavis. Var det då slik at ein person
(prosjektmakaren) la fram eit prosjekt med formål, namn og kapitalkjelder og
at oppgåva for oss andre var avgrensa til å vere fotsoldatar i arbeidet med
å realisere prosjektet? Det første skjedde før mi tid, men det andre
diskuterte vi i partilaget, fekk skisser og utkast og kom med innspel og
idear og kritikk og gjorde såleis tiltaket betre. Og når abonnentar og
kjøparar la fram kritikk og idear, gjorde vi vårt beste for å bringe dei
vidare. Altså ut frå den tanken at dagsavisa Klassekampen ikkje var eit
skrivebordsprosjekt eller eit enkeltpersonsprosjekt, men eit dugnadstiltak
som vart forma i fellesskap og dialektikk mellom alle aktørar og som utvikla
seg under vegs.

Kva skal eg då gjere? Setje meg ned og lage eit fullt ferdig prosjekt med
forslag til namn, finansieringsplan og alt slikt? Slik at eg kan
tilfredsstille Bell og bli kvalifisert deltakar i stillingskrigen mellom dei
to prosjekta, noverande Klassekampen og mitt alternative prosjekt? Nei, eg
trur ikkje vi kjem eit steg vidare med det. Eg trur vi i staden for
konfrontasjon mellom prosjekt treng innspel, famling og dialog. Slik at vi i
fellesskap kan kome til løysingar.

Når dette er skrive, må eg føye til at eg ved ulike høve, stundom i avisa og
oftare på dette forumet, har kome med forslag til endringar i noverande
avis. Bell kan leite seg attende i arkivet til hausten -98 og rundt
årsskiftet -97-98 (gå på "tidligere innlegg" og sorter etter forfattar). Det
viktigaste er:
a) større vekt på informasjon og mindre på agitasjon og moralsk fordømming
(altså realisering av det etter mitt skjøn no nokså villeiande slagordet om
tabloidfri sone).
b) at dei siste orda i formålsparagrafen (ut ifra et revolusjonært,
sosialistisk grunnsyn) blir strokne for å få større breidde i tiltaket.
c) at miljøstoff får omtrent den spalteplassen kulturstoff har no og at
kulturstoff får den plassen miljøstoff har.
d) ein desentralisert avisredaksjon med minst halvdelen av medarbeidarane
utanfor Oslo.
Grunngivingane finst altså på nettet, les dei før du eventuelt svarar. Dette
er famlande forslag. Eg har fått ein del reaksjonar på dei og sit med det
inntrykket at svært mange lesarar/aktørar, endåtil somme AKP-medlemmer,
deler mange av tankane. Frå majoritetseigar AKP har eg ikkje høyrt eit kvekk
og difor fått det inntrykket at dei ikkje er interesserte i nokon dialog om
avisa med lesarane, iallfall ikkje med lesarar med mine grunnholdningar. Eit
inntrykk som dessverre ikkje blir veikare etter Bells avvising av alt som
ikkje er fullstendige prosjekt. Så spørst det då om han representerer heile
partiet eller berre seg sjølv.