For_få_fiendar=2C_Marsdal=3F

Olav Randen (boksmia@online.no)
Mon, 1 Feb 1999 18:36:34 -0800

Magnus Marsdal skriv: "Olav Randen YNSKJER at han skal få vera med å laga
"ny avis". Han er MEIR oppteken av dette enn at den dagsavisa som finst skal
kunna leva og utvikla seg (eg er samd i mykje av kritikken Randen legg fram
av dagsens produkt). Dette er ikkje det same som å motarbeida Klassekampen.
Men det blir heller ikkje opplevd som noko bidrag til å halda avisa i live,
kan eg melda her frå redaksjonen."
Med det er Olav Randen parkert. Hans motiv er eiga makt eller innverknad. Om
han måtte ha rett eller feil i sine meiningar om avisa, speler inga rolle,
for slike maktsøkjarar er ikkje verdt å ta omsyn til. Altså ferdig med han.
Andre med avvikande meiningar er først og fremst ute etter å sverte eller
hemne seg på AKP. Altså ferdig med dei også.
Men kva veit du til dømes om meg, Magnus Marsdal? Har du eit einaste døme på
at eg er ute etter makt over Klassekampen eller over ei eventuell ny avis?
Finn du noko i det eg har skrive som gir dekning for dine påstandar?
Nei, ikkje eit komma om du leitar aldri så mykje.
Eg prøver å gjere dette tydeleg fordi eg trur det Marsdal skriv, dekkjer ei
haldning i AKP og Klassekampen Eg trur ikkje Marsdal er den mest typiske
eksponenten for denne haldninga, men i dette høvet er det han som står fram.
Haldninga seier at alle som ikkje er samde i alt og som ikkje ustanseleg
skriv og seier at Klassekampen er bra, er imot og ute etter å øydeleggje,
etter å isolere AKP eller å kuppe avisa vekk frå AKP.
Vi kan forstå at ei slik haldning har vakse fram, for AKP (og Klassekampen)
har vorte utsett for mykje urettvis kritikk. Men sjølv om eg er usamd i
mangt og om eg meiner partiet oppførde seg både uklokt og reaksjonært i
redaksjonskampen hausten 1997 og gløymde alt frå studiesirklane om den rette
behandlinga av motseiingar i folket, er eg samd med Morten Falck i at til
dømes 30 års avisarbeid og antiimperialistisk arbeid langt overstig denne
åtferda.
Men for det om vi kan forstå dei sosialpsykologiske årsakene til at tenkinga
har slått rot, kjem vi ikkje unna at ho er til skade. Når Marsdal, etter
først å ha parkert meg, skriv om alliansar, vil han mislykkast. Han vil
mislykkast fordi han i avvikande synsmåtar ikkje ser avvikande synsmåtar,
men fiendar eller folk med tvilsame motiv.
Grunnlaget for vellykka allianseskaping er det enkle at vi prøver å grave
grøfter rundt fienden og ikkje rundt oss sjølve. Les Mao!
Med dette har eg ikkje skrive at alle aktørar vil alt vel. Det finst
karrieremakarar i dei fleste miljø, og det finst folk på den såkalla
venstresida som har det å sverte AKP som mål for sitt politiske engasjement.
Desse bør røykjast ut, men det lykkast vi med berre om vi tek som
utgangspunkt at dei fleste som til dømes deltek i arbeidet rundt
Klassekampen, gjer det med felles mål.
Morten Falck spør: "Tror du ikke, Olav Randen, at det er lettere å
opprettholde Klassekampen og utvikle den til en enda mye bedre avis, enn å
starte på nytt? Skal vi ikke heller satse på det?"
Jau, kanskje. Den informasjonen eg har fått gjennom avisa, har teke frå meg
mykje av trua på at ho kan overleve. Eg innser at andre ser det annleis og
vonar dei har rett og eg tek feil. Men dersom Klassekampen hamnar i
skifteretten, bør vi i det minste prøve å byggje opp noko anna. Det er som
med hestar, dersom risikoen er stor for at favoritten snublar, er det
fornuftig å satse på ein hest til.

Olav Randen