Kva er vitsen med slike spark som dette? Nei til EU ønskjer ikkje
kontakt med halv- eller heilrasistar, og har ved somme høve ekskludert
medlemmer. Enten får Bismo dokumentere at det likevel finst
halv-rasistar i Nei til EU, eller så får han la vere å skrive det.
For argumentasjonen hans er det neppe noko poeng i å sparke til NTEU:
Han ønskjer vel ikkje at KK skal famne så vidt som han faktisk skriv
her?
Lars Staurset
AU-medlem i Møre og Romsdal NTEU
P.S.: Takk til KK for mykje og viktig EU-stoff den siste tida!