Re: Nettet som arena for viktige debatter

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Wed, 3 Dec 1997 23:11:42 +0000

Le 3 Dec 97 =E0 23:09, Trond Andresen a écrit:

> Dette er inspirert av de som klager over at det er vanskelig
> å finne gullkorna på KK-forum i all grusen.

Kven har sagt at det er vanskeleg å finne gullkorn på KK-forum? Det
finst rett nok ikkje så mange av dei, men har ein eit ope sinn, og
opne augo, finn ein gullkorna utan at det leitar på. Om det finst eit
problem på KK-forum, må det vera alle desse tante-Sofie-meldingane frå
hylekoret og sandpåstrøarane til AKP.

Korleis kan ein prøve å få nokon til å tru at KK-forum er vanskeleg å
halde styr på? (det kjem sjølvsagt an på kva ein meiner med "å halde
styr på"...). Som eg sa i eit tidlegare innlegg, forstår eg ikkje
heilt kvifor det skulle vera nødvendig å komplisere livet her.
Forumet er heilt greitt som det er! Eg forstår ikkje dette utspelet.
Hadde det no vore ein uhorveleg straum av meldingar som flaug i alle
retningar, men slik er det ikkje. Det er heller daudt til tider.

Eg har lese innlegget frå Omid Shoja Bazargani, og dette set tinga i
eit litt anna perspektiv. Eg hadde visse mistankar, men...

Nei, gutar, her må de nok leggje om, dette går for langt! Først var
det avisa, er det slik at turen no er komen til KK-forum? Dette minner
stygt om det Pål Steigan på skinheilag vis kalla "forsøkene på å skape
et sivilisert og kameratslig debattklima på forumet". Alle veit kva
det vil seia!

Oddmund Garvik