Moralske eigarar?

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 26 Nov 1997 11:30:00 +0100

Moralske eigarar kva er det? Det kan vel kven som helst hevda å vera - og på
nærmast kva som helst grunnlag.
Formelt eigarskap er derimot noko som konkret finst. Formelle eigarar kan
kritiserast og stillast til andsvar.
Korleis kan ein gjera dette i høve til "moralske eigarar"?
Det må sjølvsagt vera lov å vera usamd i dei disposisjonane formelle
eigarar gjer (t.d. vedtak om å selja seg
ned til 49%) - men kva med å driva innhaldet i den verkelege avisa framover?
Den formelle eigarstrukturen set ingen
grenser for kva påverknadskraft kven som helst som kjem med framlegg og
argument kan ha på kva redaktøren vel å
leggja inn i den faktiske avisa sin redaksjonelle profil. Det er ikkje
eigarstyrken til AKP - eller IS, eller SV
eller eventuelt Heismontørane eller einskildpersonar som eintydig avgjer kva
kvalitetar KK har. Det er desse kvalitetane
folk kjøper når dei tingar avisa eller kjøper ho på gata. Det er viktigare
enn dette ordskiftet om prosentar.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41