RE:_Årsmøte_i_Møre_og_Romsdal_Nei_til_E_U

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Fri, 21 Nov 1997 07:53:03 +0000

Le 20 Nov 97 =E0 13:59, Lars Staurset a écrit:

> Ei slik forventning stiller ikkje berre krav til regjeringa, men
> minst like mykje til oss sjølve. Trur vi at regjeringa har vilje til
> å legge om politikken, så må vi styrke EU-motstanden i opinionen
> slik at ja-partia må gje regjeringa arbeidsro. Ser vi at regjeringa
> vaklar i saka, så må vi styrke nei-tendensen der. Mykje av det
> praktiske arbeidet blir det same i begge tilfella, for grunnlaget
> for å påverke politikarane må ligge i ein solid opinion. At det no
> finst to nei-veljarar for kvar ja-veljar, er eit godt grunnlag, og
> tvingar ja-sida til å dempe seg.

For kvar RV-, eller SV-veljar finst det xxxx andre veljarar. Tvingar
dette RV og SV til å dempe seg? Det er ein merkeleg logikk du legg for
dagen her...

> Nei-sida er i ein annan situasjon no enn før regjeringsskiftet, og
> vi må diskutere grundig korleis vi skal utnytte det til å få gjort
> noko med tilpassingspolitikken. Eit paradoks er at dersom vi blir
> for flinke, vil ikkje ja-sida nøle med å ta regjeringsmakta tilbake.
...
Noreg er på god veg inn i EU alt. Om du er så blåøygd at du trur denne
reaksjonære regjeringa kan hindra det, får bli di eiga sak. Som
Karsten Vedel Johansen sa: "Norge er bare formelt utenfor EU. Bortsett
fra det formelle, er vi på alle måter underlagt EUs regime.
Befolkningen lever i den illusjon at det formelle betyr en masse, og
denne tro på at den hellige grav er vel forvart, utnytter de norske
tilhengerne bevisst."

Noreg blir nok fullt medlem før, eller seinare. Ein kan sjølvsagt
stritta mot, og tru på sjølvråderetten til siste dråpen. Men det ville
vera meir fruktbart å setja seg inn i den framtidige striden innanfor
EU - "l'Europe sociale contre l'Europe de Maastricht". Denne striden
er kanskje starten på ei stor rørsle, som kan bli ein brodd i den
globaliserte wunderøkonomien. Det nyttar ikkje å slost mot dei store
monopola, sitjande i kvar sin krok, og jatte om kor særeigen ein er.
Striden må gå på tvers av landegrensene, og har som sagt så smått
byrja.

Velkomne etter

Oddmund Garvik